Riksveg 5 Frudalstunnelen. Foto: Google maps street view
Publisert: 09.06.2022 

Vegvesenet gjer store forbetringar i Frudalstunnelen

Statens vegvesen legg no ny asfalt og monterer nytt lysarmatur i Frudalstunnelen på riksveg 5.

Førebuinga til arbeida har skjedd denne veka, med fresing av eksisterande asfalt.

Dei to neste vekene, veke 24 og 25, gjer me store forbetringar i den 6758 meter lange tunnelen som opna 29. oktober 1994.

Dette gjer Vegvesenet i veke 24

– På morgonen måndag 13. juni byrjar me å leggja ny asfalt. Dette arbeidet vil føregå på dagtid, måndag til torsdag klokka 07.00 til 17.00.

– På nettene skiftar vi lysarmatur, frå klokka 20.00 til 06.00.

Konsekvens for trafikantane i anleggsperioden er at det blir trafikkdirigering heile døgnet med ledebil frå måndag morgon til fredag morgon.

– Frå fredag morgon til måndag morgon vert det ikkje arbeidd i tunnelen. Då er det fri ferdsel, men me oppmodar på det sterkaste trafikantane om å visa varsemd, då det manglar vegoppmerking i heile tunnelen.

Dette gjer Vegvesenet i veke 25

– Måndag morgon startar me på siste del av asfalteringa, og blir ferdige på kvelden.

– Jobben med å skifta lysarmatur held fram, men no som dagarbeid – med styrt trafikkavvikling og ledebil. Dette er planlagt ferdig til fredag 24. juni.

God dialog med entreprenørane

– Me har forståing for at vegarbeid som dette kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at me gjer det for dei, for å kunna vareta trafikktryggleiken og framkomsten også i framtida, seier prosjektleiar for asfalt og vegoppmerking i Statens vegvesen, Arne Magnar Hauglund.

Ekstra utfordrande for trafikken er det nok at dette anleggsarbeidet pågår gjennom heile døgnet.

– Men gjennom at alt arbeidet vert teke samtidig, etter god dialog med entreprenørane, kuttar vi anleggstida med minst ei veke, legg han til.

Det er Veidekke Industri som fresar og legg ny asfalt, medan Mesta skiftar lysanlegget.

– Me vil leggja til rette for minst mogleg hinder for rutebussar som skal kunna passera i kolonne til oppsette rutetider. Utrykkingskøyretøy får passera.

Vedlikehald som varar

– Vegdrift handlar ikkje berre om å byggja nytt. Noko av det finaste du kan gjera, både for samfunnet og klimaet, er å ta vare på det du har.

– Og når vi gjer omfattande utbetringar som i Frudalstunnelen, er det for at våre transportsystem skal gje føreseieleg framkomst i mange år framover. Eit døme på det: Sist det var lagt asfalt i Frudalstunnelen, var for 27 år sidan, då tunnelen var heilt ny, avsluttar Hauglund.

Tunnelen får ny vegoppmerking så snart som mogleg.

Frudalstunnelen har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 1550. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av trafikkmengda er 22 prosent, eller 341, lange køyretøy.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur