Statens vegvesen held brannvernøving i Matrebergtunnelen. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 11.04.2023 

Vegvesenet held brannøving i E39 Matrebergtunnelen

Statens vegvesen arrangerer brannvernøving i Matrebergtunnelen onsdag 12. april.

Øvinga varar frå klokka 17.00–21.00. Det blir korte stengingar og trafikkavvikling med kolonnekøyring.

Slik foregår øvinga

Øvinga saman med lokalt brannvesen vil verta gjennomført to gongar – mellom klokka 17.00 - 19.00 og 19.00 - 21.00.

– Matreberg- og Trodaltunnelen ligg nær kvarandre, og det får betydning i denne øvinga då ytre stengepunkt med bom er sør for Matre og nord for Trodal. Trafikkavvikling må gjennomførast gjennom begge tunnelane, seier brannvernleiar Ove Edgar Amundsen i Statens vegvesen.

I dei to periodane vil Matrebergtunnelen verta stengd tre gongar. Ein gong når tunnelen blir lokalstyrt, ein gong ved befaring og ein gong når øving med evakuering vert gjennomført.

– Det vil vera internsamband mellom øvingsleiing og trafikkdirigentar for å gjennomføra trafikkavvikling og stenging effektivt så det ikkje skal påverka trafikantane unødig, samtidig som vi varetek tryggleiken for deltakarane. Vi vurderer om stenging for befaring og øving kan takast under eitt når øvinga vert gjennomført, legg Amudsen til.

Dette er tunnelen

Den 1400 meter lange Matrebergtunnelen på E39 ligg i Masfjorden kommune i Nordhordland nord for Bergen.

Tunnelen vart opna i 1986 og er éin av 20 tunnelar mellom Nordhordlandsbrua og Sognefjorden.

Den blir gjennomsnittleg trafikkert av 2.200 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 17 prosent, eller 374, lange køyretøy (tungtrafikk).

Trygg tunnel

– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei, som ein del av arbeidet med å halda tunnelane trygge, seier Amundsen.

Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vi skal halda slike beredskapsøvingar.

Samfunnsberedskap

Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.

Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer derfor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg.

– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med nadetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudd den dagen ein situasjon skulle inntreffa, avsluttar brannvernleiar Ove Edgar Amundsen i Statens vegvesen.

Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesens kontinuerlege arbeid med å syta for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur