Skredøvinga vart halden like ved riksveg 5, på rasteplassen ved Vatnasete i Sogndalsdalen. Foto: Jens Øyen Tveit/Statens vegvesen
Publisert: 11.04.2022 

Vegvesenet heldt stor skredøving med alle naudetatar

Det er framleis snø i høgfjellet, så snøskredfaren er enno ikkje over. Statens vegvesen heldt nyleg ei stor skredøving med alle naudetatar.

– Det å få øva på eit scenario saman med naudetatane er viktig og medverkar til læring og kvalitsforbetring. Men det aller viktigaste er at me byggjer tillit mellom etatane og får delteke med den breidda me har av ressursar når ei hending skjer, seier Henny-Kristin Asperanden Navarsete, rådgjevar beredskap og samfunnstryggleik.

Sjølv om SVV ikkje har blått, men gult lys på taket er me ein svært viktig aktør når hendingar skjer, legg ho til.

Eksternt ynskje om fullskala-øving

Statens vegvesen la til rette for denne øvinga etter eit møte med politiet, naudetatar og frivillige.

Der kom det eit ynskje om å få gjennomført ei fullskalaøving med bil teken av skred, noko fleire av deltakarane ikkje hadde vore med på før.

– Statens vegvesen tok ballen, snudde oss rundt og fekk dette på plass på kort tid. Snø er jo relativt sesongbasert, seier Navarsete.

Desse deltok

Både brannvesen, politi (med søkshund), ambulanse, Redningsselskapet, Røde Kors, skredgruppa lokalt, Sivilforsvaret, Vestland fylkeskommune og Sogndal kommune var med på øvinga som fann stad på rasteplassen ved Vatnasete i Sogndalsdalen, ved riksveg 5 nordvest for Sogndal.

Ved å leggja øvinga til rasteplassen, og varsla på førehand, vart ikkje trafikken i området hindra dei føremiddagstimane øvinga fann stad.

På førehand var det grave ned ein bil med redningsdokke i store snømassar.

Statens vegvesen var på øvinga representert ved både Vegtrafikksentralen (VTS), byggeleiarar/byggherrevakt, geologar og stadleg avdelingsleiing for drift og vedlikehold.

VTS, byggjeleiarar i driftskontraktane/byggherrevakter og geologar i tillegg til entreprenørane representerer grupper som er spydspissar i beredskapen i når det skjer naturhendingar på vegane våre, forklarar Navarsete.

– Før me tok turen ut i felten, hadde me ein teoridel innandørs, med innlegg frå fleire av deltakarane om ulike sider ved det å handtera ei skredhending. Det vert jobba godt preventivt med dette, både i Statens vegvesen og naudetatane, avsluttar ho.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur