Arbeidet på E39 Drange-Hanaleite går mot slutten. Vegvesenet manar til fin køyring, noko det ikkje alltid har vore siste tida. Foto: Fredrik Økland/Statens vegvesen
Publisert: 05.06.2025 

– Vis omsyn i siste innspurten, vi vil at alle skal komma seg trygt heim

– Vi er snart ferdige med arbeida på Drange-Hanaleite. La oss unngå ulukker i siste innspurten.

Det seier kontrollingeniør Fredrik Økland i Statens vegvesen.

– Anleggsarbeidet på E39 i Sveio nærmar seg slutten etter nesten to år. Litt ut i juli skal vi etter planen vera ferdig. Vi har forståing for at alle gler seg til det, men det er ikkje bra at vi i det siste har hatt ein del hendingar med høg fart, og trafikantar som køyrer på raudt lys. Vi vil at alle skal komma seg trygt heim. Så vis omsyn til trafikkreguleringa, slik at vi unngår ulukker i innspurten av dette arbeidet. Trafikkreguleringa er der av ein grunn, nemleg at tryggleiken skal varetakast både for trafikantar og arbeidarar, understrekar han.

Prosjektet har bestått i breiddeutviding, harmonisering av vegbreidda og forsterka midtoppmerking med gul midtlinje og kvite kantstriper, samt veglys og etablering av 800 meter med  gang- og sykkelveg.

Hendingane har kome den siste tida, etter at det er lagt ny asfalt på den 1,8 kilometer lange vegstrekninga.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur