Foto: Vy
Publisert: 13.04.2022 

Fleire teknologiske løysingar kan gjere jernbanen enda meir grøn

– Mesteparten av togtrafikken i Noreg blir køyrd på elektrifiserte strekningar og er klimavenleg. Men vi har òg jernbanestrekningar der toga går på diesel. I tillegg nyttar arbeidsmaskinar og skiftelokomotiv diesel på heile jernbanenettet. Det skjer mykje på teknologifronten som gjer oss fleire moglegheiter til å redusera utsleppa. Jernbanedirektoratet skal no sjå nærmare på dette. Ein grøn transportform kan bli enda grønare, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Med konseptvalutgreiinga (KVU) som Samferdselsdepartementet har gitt Jernbanedirektoratet i oppdrag å gjennomføre, følgjer regjeringa opp punktet i Hurdalsplattforma om leggje til rette for heil- eller delelektrifisering, eller bruk av annan teknologi, for å redusere klimagassutslepp frå jernbanen.

Elektrifisering, batteri og hydrogen er blant løysingane

Dei aktuelle ikkje-elektrifiserte strekningane er Rørosbanen, Solørbanen, Raumabanen og Nordlandsbanen. I tillegg brukar jernbanekøyretøy som arbeidsmaskinar og skiftelokomotiv diesel, også på dei elektrifiserte strekningane. Jernbanedirektoratet skal vurdere kva for energiberar som passar for den einskilde bane og jernbanekøyretøy, og om kombinasjonar av energiløysingar kan vere føremålstenleg.

Elektrifisering av strekningar og bruk av togmateriell med batteri eller hydrogen er blant dei aktuelle teknologiske løysingane for dagens jernbaner med dieseldrift. For jernbanekøyretøy kan både ombygging og utskifting vere aktuelt.

Vidare framdrift

Jernbanedirektoratet har frist til september 2023 med å ferdigstille konseptvalutgreiinga.

For fleire opplysningar – sjå:

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur