Biletet viser støyp av ein tidlegare seksjon på den lange portalen til Dalseidtunnelen. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 01.08.2025 

Stenger E16 ved Dale grunna støyping av tunnelportal

E16 vert stengd ved Dalseidtunnelen laurdag 16. august klokka 06.00 og i litt over eitt døgn. Ein ny seksjon av rassikrings-portalen på tunnelen skal støypast.

– Om eit par veker er me klare for nok ein stor støyp ved Dalseidtunnelen. Denne gongen er den sokalla «trompeten» på enden av portalen som skal støypast, altså stykket ut mot enden der diameteren på portalen aukar. Medan betongen går i forma og det herdar, kan me ikkje ha trafikk på dette strekket av E16. Tunnelen vil vere stengt for all trafikk, utanom utrykkingskøyretøy i aktiv utrykning. Me har lagt arbeidet til ein laurdag, for å gje minst muleg heft for trafikantane, seier prosjektleiar Eirik Matre Røthe i Statens vegvesen.

E16 Dalseidtunnelen bli stengt frå klokka 06.00 på morgonen laurdag 16. august og fram til klokka 12.00 søndag føremiddag.

E16 blir stengt ved Dalseidtunnelen, og omkøyring for gjennomgåande trafikk blir via Hardanger på fylkesveg 49, fylkesveg 79 og riksveg 13 på ruta Trengereid–Norheimsund–Granvin.

Dirigentar ute

Vegvesenet skal ha trafikkdirigentar på Voss og i Trengereid for å sikre at gjennomgåande trafikk kjem inn på omkøyringsruta. Fylkeskommunen vil også ha trafikkvakter som følgjer med på trafikken, og iverkset dirigering ved behov.

Den nye portalen på Dalseidtunnelen skal sikre trafikantane mot steinnedfall ved tunnelmunninga, då berget er svært bratt der tunnelen kjem ut på vestsida. Portalen blir bygd med ekstra mykje armeringsstål, for at den skal vere svært solid. Det vil også komme eit gruslag på mellom 2,5 og 4 meter oppå portalen, som skal dempe og spreie kreftene frå eit eventuelt steinnedfall frå stor høgde.

Blir ferdig i haust

I dei fem tunnelane rundt Dale har det vore omfattande gravearbeid, for å få på plass nye røyr og leidningar. Det er installert nye nødtelefonar, kameraovervaking, ny belysning, nye vifter, sendarar for DAB-radio og naudnett. Mesta er hovudentreprenør på arbeidet.

Oppgraderinga gir trafikantane betre og sikrare framkomst på denne delen av E16. Arbeidet med forlenging og forsterking av portalen på Dalseid er siste del av dette arbeidet. Betongarbeidet er planlagt ferdigstilt i haust, medan omfyllingsarbeidet er planlagt utført våren 2026. Arbeidet inne i dei fem tunnelane er ferdig, og det nye ustyret er satt i drift.

Oppdatert info om stenginga blir lagt ut på 175.no i løpet av den aktuelle helga.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur