Den fjerde og siste støypen på den nye rassikringsportalen på Dalseidtunnelen skal utførast laurdag 11. oktober.
Slik som sist, må europavegen haldast stengd medan betongen går i forma og det herdar. Tunnelen vil vere stengd for all trafikk, utanom utrykkingskøyretøy i aktiv utrykning.
Stengt til søndag føremiddag
E16 blir stengd ved Dalseidtunnelen frå klokka 07.00 på morgonen laurdag 11. oktober. Det er venta at vegen vil bli opna igjen innan klokka 12.00 søndag føremiddag.
Omkøyring for gjennomgåande trafikk blir via Hardanger på fylkesveg 49, fylkesveg 79 og riksveg 13 på ruta Trengereid–Norheimsund–Granvin.
Vegvesenet skal ha trafikkdirigentar på Voss og i Trengereid for å sikre at gjennomgåande trafikk kjem inn på omkøyringsruta. Fylkeskommunen vil også ha trafikkvakter som følgjer med på trafikken, og set i gang dirigering ved behov.
Ved svært dårlege vêrmeldingar, kan støypen bli flytta fram ei veke, til 18. oktober.
Skredsikring
Den nye portalen på Dalseidtunnelen skal sikre trafikantane mot steinnedfall ved tunnelmunninga, då berget er svært bratt der tunnelen kjem ut på vestsida. Portalen blir bygd med ekstra mykje armeringsstål, for at den skal vere svært solid. Det vil også komme eit gruslag på mellom 2,5 og 4 meter oppå portalen, som skal dempe og spreie kreftene frå eit eventuelt steinnedfall frå stor høgde.
I dei fem tunnelane rundt Dale har det vore omfattande gravearbeid, for å få på plass nye røyr og leidningar. Det er installert nye nødtelefonar, kameraovervaking, ny belysning, nye vifter, sendarar for DAB-radio og naudnett. Mesta er hovudentreprenør på arbeidet. Oppgraderinga gir trafikantane betre og sikrare framkomst på denne delen av E16. Forlenging og forsterking av portalen på Dalseid er siste del av arbeidet. Sjølve betongarbeidet er planlagt ferdigstilt i haust, medan omfyllingsarbeidet er planlagt utført våren 2026.