– Ei svært skredfarleg strekning har fått betre sikring mot skred. Ei sak er den fysiske sikringa. Men også kjensla av tryggleik er viktig. Og den kjensla har ikkje prislapp.
Det sa avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen under markering av skredsikringa måndag føremiddag.
Leiar Bård Hoksrud (Frp) og nestleiar Kamzy Gunaratnam i Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomite deltok også på opninga ved Uri, saman med Sogndal-ordførar Stig Ove Ølmheim.
Skredgjerde og nett har kome raskt på plass
Med raskt og og effektivt arbeid har Statens vegvesen på rekordtid sikra riksveg 13 Ylvisåker mellom Sogndal og Leikanger med to fanggjerde på totalt 680 meter, i tillegg til erosjonsnett.
Prosjekteringa starta i februar. Arbeida starta 2. juni, og skulle etter planen vera ferdig til jul.
Allereie i dag, første dagen i julemånaden, kunne den nysikra vegen offisielt opna innafor ei kostnadsramme på 36 millionar.
Mesta har vore entreprenør.
Skryt frå stortingskomitéen
Det var nestleiar Kamzy Gunaratnam i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget som klipte snora under opninga.
– Gratulerer med ny skredsikring. Dette vil gje ein trygg reiseveg, og det gir folk fridom til å reisa når dei måtte ynskja, sa ho.
– Dette betyr enormt mykje for dei som reiser her. Vegvesenet og Mesta har gjort ein enorm jobb med å få dette på plass så raskt og effektivt, supplerte leiar Bård Hoksrud (Frp).
Nøgd ordførar
Sogndal-ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap) var også til stades under opninga.
– Dei gongane Uri er stengt grunna skred, er kommunen vår i praksis delt i to. Dette har vore eit svært viktig punkt å få skredsikra.
Born frå Norane oppvekster song under opninga. Foreldra deira hadde bakt kake og serverte.
SE BLADARKIV
