Stordabrua. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 05.04.2023 

Arbeidet på E39 Stordabrua startar i påsken

No startar vedlikehaldsarbeidet på Stordabrua.

– Når arbeidet startar måndag, vil ikkje trafikken bli påverka. Jobben pågår då i nordenden av brua, oppå tunnelen. Etter kvart vil prosjektet flytta seg til brua, seier prosjektleiar Trond Ingve Mølstre (Statens vegvesen) og Kristoffer Hove (Vestland fylkeskommune).

Mange vil kanskje ha observert at entreprenørane har rigga seg til på Føyno, rett ved tunnelopninga.

Fellesprosjekt

Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune har eit fellesprosjekt på å vedlikehalda E39 Stordabrua og fylkesveg 542 Bømlabrua.

Stordabrua vert teken først. Naudsynte førebuingar er vorte gjort løpet av hausten. No startar arbeidet, og det skal vera ferdig i haust.

Arbeidet på Bømlabrua startar våren 2024, og er ferdige i september same år.

Ein kontrakt på 227.803.348,00 kroner pluss moms er signert for vedlikehaldsarbeidet av dei to bruene.

– Vi har lyst ut arbeidet som eit fellesprosjekt fordi vi då kan løysa arbeidsoppgåvene meir effektivt. Bruene ligg nære kvarandre, noko som gjer det mogleg å bruka same spesialutstyr på begge bruene, seier Hove og Mølstre.

Dette skal gjerast

Heilt konkret skal Statens vegvesen avfukta berekablane, samt gjera noko overflatebehandling av berekablar og hengestenger på Stordabrua.

Vestland fylkeskommune gjer det same på Bømlabrua neste år.

Begge bruene er bygde i år 2000. Stordabrua 1078,5 meter lang, og Bømlabrua 999.

Kvifor er bruvedlikehald viktig?

Hengebruer i kystnære strøk er særleg utsette for skadar grunna fukt og sjøvatn. Bruene skal difor ha eit avfuktingsanlegg for berekablar.

Dette har mangla på begge bruene, og må koma på plass for at det ikkje over tid skal kunna oppstå skadar som kan gå ut over bruenes bereevne.

Bruer og brukonstruksjonar blir tærte av tidas tann. Ver og vind, salt sjøsprøyt og temperaturforandringar kan gi rust- og forskjellige type slitasjeskadar både på fundament, rekkverk, bruplate, brutårn og stag.

– Vedlikehald av bruer handlar om å ta vare på det vi har, til beste for både trafikantane og miljøet. Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å syta for at vi klarer det i morgon, slik at vi kan utføra vårt samfunnsoppdrag med å gje trafikantane eit trygt og føreseieleg framkomeleg transportsystem også i framtida, avsluttar Mølstre og Hove.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur