Foto: Pixabay
Publisert: 14.01.2026 

Beredskapsøving på riksveg 52 Hemsedalsfjellet

Statens vegvesen gjennomfører ei stor beredskapsøving saman med mellom anna frivillige, politi, brannvesen og ambulanse torsdag 15. januar.

Øvinga finn stad frå klokka 14.30 til 21.15. Øvinga skjer på riksveg 52 Hemsedalsfjellet og ved Borgund samfunnshus.

Føremålet med øvinga er å trene på samvirke og innsats for Statens vegvesen, entreprenør og beredskapsaktørar under krevjande vinterforhold på fjellovergangen.

For trafikantar

Riksveg 52 vil vera open som normalt, men det kan vera synleg aktivitet langs vegen.

Me ber trafikantar om å køyre med aktsemd og unngå unødvendige stopp eller redusert fart for å sjå på øvinga.

Aktørar som deltek

Statens vegvesen, driftsentreprenør, Røde Kors, brannvesen, politi, ambulanse, Sivilforsvaret, redningshundar, DSB, NKOM (Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit) og kommunar.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur