– Bergsikringa består i at vi skal setja opp nett og boltar. Dette er eit arbeid som krev dagsljos, seier byggjeleiar Morten Ørbech Mo i Statens vegvesen.
Arbeidet vil verta gjort frå klokka 07.00–19.00. Eitt køyrefelt vil heile tida vera ope. Det blir kontinuerleg trafikkdirigering. Det blir korte stopp, maksimalt eit kvarter.
– Respekter trafikkdirigering og fartsgrenser. Det har å gjera med tryggleik for alle, både arbeidsfolk og trafikantar. For Statens vegvesen kjem alltid tryggleiken først. Det er aldri aktuelt for oss å gå på akkord med den, understrekar Mo.
Overalt kor det er vegarbeid, må farten setjast ned i tråd med regelverket. Det vert difor nedsett fartsgrense også på den tida av døgnet då det ikkje er arbeid.