E16 Borgundstunnelen. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 07.06.2023 

Onsdag vert E16 Borgunds- og Seltatunnelen stengd i to timar grunna beredskapsøving

Statens vegvesen held beredskapsøving i E16 Borgundstunnelen 7. juni. Det påverkar også Seltatunnelen som ligg like ved.

Det vil bli kolonnekøyring gjennom tunnelane frå klokka 17:00–1800 og 20:00–21:00 i begge retningar, og heilt stengde tunnelar frå 18:00–20:00. Det blir kolonnekjøring om fv. 630 i tidsrommet tunnelane er stengde.

Det vil bli brukt røyk under øvinga og det vil vera ein del utrykkingskøyretøy til stades.

Det er naudetatar, 110-sentralen og VTS (Vegtrafikksentralen) som skal øva i tunnelen.

– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan vera krevjande for trafikantane, men det er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom ei hending skulle inntreffa. Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for sikkerheitsgodkjenning av tunnelen at vi skal halda slike øvingar, seier sikkerheitskontrollør Svein Rune Vie i Statens vegvesen.

Vi oppmodar alltid trafikantar til å sjekka 175.no før dei skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle landets vegar.

E16 Borgundstunnelen og Seltatunnelen er nyleg oppgraderte for å tilfredstilla tunneltryggleiksforskrifta. Dei ligg på E16,  strekninga Lærdal–Borlaug.

Seltatunnelen ligg nokre få hundre meter frå Borgundstunnelen, og vert derfor også påverka av øvinga.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur