Statens vegvesen lyser ut éin ny, stor vegkontrakt for riksvegane i Sunnfjord, og delar av Sogn og Nordfjord. Dette gjeld delar av E39, Rv 5 og rv 13. Biletet er frå riksveg 5, ved Kjøsnesfjorden. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 12.03.2021 

Bruken av vegsalt skal ned, mellom anna gjennom bruk av ny teknologi

Statens vegvesen har lyst ut éin ny, stor driftskontrakt for riksvegane i Sunnfjord, og delar av Sogn og Nordfjord.

Miljøkrava er fleire:

– Vi har stramma inn på krava til oppsamling av vaskevatn før og etter tunnelvask. I vinterdrifta ynskjer vi å redusera saltmengda gjennom å bruka rett utstyr, og ved auka bruk av vérdata. Dette skal bidra til at vi brukar minst mogleg salt for å få best mogleg effekt, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Vil halvera utslepp

Alle vegkontraktar Statens vegvesen lyser ut i år inneheld krav til miljøsertifisering og rapportering av CO2-utslepp.

– Slik kan vi registrera kva klimatiltak vi gjer, og saman med entreprenør evaluera og dokumentera kva som har effekt. For delar bilparken krev vi lavutslepps-køyretøy som tilfredsstiller dei strengaste nye krava. Målet er at utslepp frå våre verksemder skal halverast innan 2030, legg Karlsen til.

Færre og større kontraktar

Statens vegvesen sine nye kontraktar er i større geografiske område enn før, og kontraktsperiodane vert lengre. Det er tilfellet også her, kor riksvegar frå tre eksisterande kontraktar vert fasa inn i løpet av 2021, 2022 og 2023. Som ein konsekvens av regionreformen får Statens vegvesen no utelukkande ansvar for riksveg, og ikkje fylkesveg som i dag.

Kontraktsområdet er i kommunane Sogndal, Høyanger, Sunnfjord, Gloppen og Kinn. Når alle riksvegane er fasa inn, vil kontrakten omfatta 338 kilometer riksveg og 65 kilometer gang- og sykkelveg.

Riksvegane det er snakk om, er E39, riksveg 5 og riksveg 13. Her er det i alt 27 tunnellar med total lengd på 49 kilometer. På strekningane vil det i kontraktsperioden føregå fleire utbyggingsprosjekt.

Skredutsett

– Her er ingen høgfjellsstrekningar, men utfordrande snøtunge vegstykke over Sogndalsdalen og Langeland. Av stigningar er Halbrendslia, Lunde – Fjærlandstunnelen og Sogndalsdalen særskilde utfordringar, seier Karlsen.

Generelt går vegnettet langs veg med bratt sideterreng med fjord eller elv på motsett side. Fleire punkt på vegnettet er utsette for at is og stein kan falla ned.

Fleire område er skredutsette, og Statens vegvesen set strenge krav til vinterdriftsklasse, responstid og beredskap.

Døgntrafikken på riksvegane i området varierer frå 800 til 14.000 køyretøy, og det er venta ein årleg trafikkvekst på to prosent. Mest trafikk er det i byområda Førde, Sogndal og Florø.

Lang kontrakt, med opsjon på forlenging

Kontrakten gjeld i fem år – frå 1. september 2021 til 31. august 2026, med moglegheit for tre års forlenging. Anbodet vert opna 12. april.

– Gjensidig opsjon er eit viktig grep i kontraktstrategien, og motiverer begge partar til gode og langsiktige driftsløysingar. Dette skal bidra til best mogleg framkommelegheit på vegane kvar einaste dag. Samtidig har vi et langsiktig samarbeid for å utvikla nye teknologiske løysingar for miljøvennleg vegdrift, seier divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo i Statens vegvesen Drift og vedlikehald.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur