Illustrasjon: Rambøll AS
Publisert: 06.05.2022 

Bygginga av Nerlandsøybrua lyst ut i marknaden

Møre og Romsdal fylkeskommune har lyst ut kontrakten på bygging av ny bru til Nerlandsøya.

Brua skal byggast aust for dagens bru og blir ei 574 meter lang betongbru med åtte spenn. Ho blir 11,5 meter brei og får ein tre meter brei gangveg som blir skilt frå køyrebanen med rekkverk. Seglingsløpet under brua blir 50 x 20 meter.

Vegbygging

Kontrakten inneheld også vegbygging på begge sider av brua. På Kvalsundsida inneheld kontrakten 340 meter ny veg med gang- og sykkelveg og busslomme, på Igesund om lag 250 meter ny veg med gang- og sykkelveg og eit kryss frå fylkesvegen.

Opsjonar

I konkurransegrunnlaget ligg det også fire opsjonar:

  • Busslomme og gang-/sykkelveg på Kvalsundsida (vest for ny veg), ca. 150 meter
  • Busslomme og gang-/sykkelveg på Igesundsida (sør for ny veg, ved nytt kryss), ca. 100 meter
  • Busslomme og gang-/sykkelveg på Igesundsida (nord for ny veg), ca. 240 meter
  • Omlegging av Igesundvegen (sørvest for ny bru), ca. 100 meter

Det blir tatt stilling til om ein eller fleire opsjonar skal innløysast når dei innkomne tilboda blir behandla politisk.

Slik blir konkurransen

Kontrakten blir tildelt entreprenøren som leverer tilbodet med det best forhald mellom pris og kvalitet. Kvaliteten blir vurdert ut frå gjennomføringsplanane, organisering og nøkkelpersonell. Tilboda kan få ein meirverdi på inntil 50 millionar kroner, som entreprenøren får i fråtrekk på pristilbodet sitt. Det er denne prisen som blir gjeldande i den endelege evalueringa.

Riving av gamlebrua blir lyst ut som eigen kontrakt. Det blir gjennomført synfaring for interesserte entreprenørar måndag 23. mai. Fristen for å levere tilbod er fredag 8. juli.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur