Det er store skadar på E134 Fjæra i Etne, og det omfattende reparasjonsarbeidet har heile tida sikkerheita i høgsetet. Foto: Peer Einar Klungtveit/Statens vegvesen
Publisert: 11.03.2026 

E134 Etne: Opnar ikkje før neste veke

Statens vegvesen kan ikkje opna E134 ved Fjæra i Etne før i neste veke.

Planen var å opne vegen onsdag, men arbeidet er forsenka.

– Det er meldt om kraftig nedbør dei neste dagane, og det betyr auka skredfare. På grunn av risikoen må oppryddingsarbeidet truleg stanse heilt torsdag og fredag. Sikkerheita for mannskapa må kome først, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Meir omfattande skader på veg

Han seier òg at skadane på vegkroppen er mykje større enn først rekna med, slik at oppryddingsarbeidet tek meir tid enn venta. No er planen å ta opp att arbeidet laurdag og søndag, og så gjere ei ny vurdering måndag.

– Vi ønskjer å opne vegen så snart som råd, og voner at det kan skje i byrjinga av neste veke. Men sikkerheita for trafikantane og dei som arbeider på vegen, kjem fyrst.

Sprenging og reinsking

E134 har vore heilt stengd ved Fjæra etter skredet som gjekk søndag 1. mars.
Etter skredet har geologane i Statens vegvesen 3D-skanna fjellsida. Det har òg vore taulag oppe i fjellet.  Fredag 6. mars blei det gjort ei vellukka nedsprenging frå fjellet.

– Etter dette spylte vi restar ned frå fjellsida og reinska ho, før vi kunne byrja å få oversikt over skadane på vegen. Det viste seg at desse er så store at det likevel ikkje er mogleg å opne vegen denne veka, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.

Langvarig kolonnekøyring

– Når vi opnar, blir det med trafikkregulering i form av kolonnekøyring i lang tid. Opninga vil skje med berre eitt køyrefelt ope, og det er truleg snakk om fleire månader. Dette handlar om tryggleiken for dei som jobbar med å reparere dei store skadane på vegen, og at dei skal få mest mogleg effektive arbeidsperiodar, legg Finden til.

Statens vegvesen oppmodar som alltid alle trafikantar til å følgje med på trafikkmeldingane. Bruk appen Vegvesen trafikk eller 175.no. Det er òg tydeleg skilta på digitale infotavler langs vegen, i god avstand på begge sider av skredstaden.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur