Rambøll skal utarbeide kommunedelplan med konsekvensutgreiing for strekninga E39 Bokn-Sveio. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 29.09.2021 

E39 Bokn-Sveio: Rambøll AS leverte det beste tilbodet på utarbeiding av kommunedelplan

Rambøll er innstilt som vinner av anbodskonkurransen om utarbeiding av kommunedelplan med konsekvensutgreiing for strekninga E39 Bokn-Sveio.

Konsulentoppdraget har ein verdi på 29. 515. 000.- kr. Kontrakten har ein varigheit på tre år.

– Dette er eit viktig prosjekt, og vi fekk inn tre gode tilbod.  Rambøll er den rådgivaren som totalt sett har levert best på våre evalueringskriteriar. No ser vi fram til eit godt samarbeid der vi saman skal utarbeide ein god kommunedelplan med konsekvensutgreiing, seier prosjektleiar Sverre Ottesen.

Planen skal vere klar sommaren 2023

Kontrakten med Rambøll inneheld også to opsjonar som kan løysast ut i kontraktsperioden. Forslag til kommunedelplan skal etter planen vere klar sommaren 2023.

Karenstida for tilbydarane er sett til  08. oktober 2021 og kontrakten vil bli signert når fristen har gått ut.

Øvrige tilbydarar var: Multiconsult/Asplan ViakNorconsult og Rambøll

Bokn–Hope (før Bokn–Stord) er eit av delprosjekta på strekninga E39 Stavanger–Bergen som skal gjennom ei framtidig oppgradering til firefelts motorveg og bli ferjefri.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur