Foto: Ukjent/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Publisert: 30.09.2020 

Et Kjempeværk i Veibygningskunsten

På opp til seks meter høge steinmurar slynger vegen seg gjennom fjorten 180-graders svingar opp Stalheimsberget. Stigninga er opp mot 20 %. Arbeidet med den knapt to kilometer lange vegstubben sysselsette rundt 1000 mann i fleire år, og resultatet vart omtala som eit ”Kjempeværk i Veibygningskunsten”.

Då vegen i Stalheimskleiva vart bygd i 1840-åra representerte han det fremste av vegbygging i Noreg.

– Dette er eit veldig viktig veghistorisk minne, seier Ann Kristin Engh, seniorrådgjevar for kulturarv i Statens vegvesen.

– Stalheimskleiva står i overgangen til eit nytt vegbyggingsprinsipp, såkalla chaussé. Vegen er eit referanseverk på stor vegbyggingskunst.

Statens vegvesen har sektoransvar for vegkulturminne i Noreg. Stalheimskleiva er eit freda kulturminne, og del av Vegvesenet sin Nasjonale verneplan. Vegen ligg i Nærøyfjorden landskapsvernområde, og er ein del av Vestnorsk fjordlandskap på Unesco si verdsarvliste.

”... et Kjempeværk i Veibygningskunsten, hvortil Schweitz neppe kan fremvise Magen, og som det øvrige Europa i alt Fald ikke eier noget Sidestykke til.”

Krevjande restaurering

I vår vart det oppdaga skader i ein av dei høge tørrmurane vegen kviler på. Av omsyn til tryggleiken har difor vegen vore heilt stengd i sommar.

Fordi Stalheimskleiva er eit freda kulturminne, må ein ha dispensasjon til å gjera endringar på vegen. Det er fylkeskommunen som gir løyve. Det vert stilt krav til arbeidet, og vegen skal setjast i stand att slik han var, med opphavleg materiale og teknikkar.

– Dersom me gjer endringar på vegen, taper han dei unike kvalitetane som kulturminne, forklarer Ann Kristin Engh.

Tørrmurarane Berit Bruvik og Håkon Aase, ekspertar på tradisjonelle byggjeteknikkar, skal sjå til at arbeidet går rett føre seg, saman med folk frå Statens vegvesen med spesiell kompetanse på veghistorie. I september starta arbeidet med å fjerna vegmassane innom muren. Materiala frå vegen blir tekne vare på, og nytta i oppbygginga.

”Dette Murværk er paa sine Steder flere hundrede Fod høit uden Kalk som Bindemiddel, dog ved de anvendte Stenmassers Kjæmpestørrelse og kunstmæssige Sammenføining, efter menneskelig Formening saa sterkt og solid at det maa trodse Aarhundreder.”

 Minne frå fleire epokar

Muren som skal restaurerast blir kalla Minesvingen. I kjelder på Riksarkivet har ein funne dokumentasjon på at tyskarane under krigen plasserte sprengstoff i vegen. Dette skulle kunna detonerast for å øydeleggja vegen og stoppa vidare framrykking.

Under vegmassane i svingen fann ein sju djupe sprengkammer av betong med plass til 200 kg sprengstoff i kvar. For å vera trygge på at det ikkje fanst sprengstoff i grunnen, henta ein inn spesialtrende hundar. Onsdag 23. september vart det søkt i området, men hundane markerte ikkje på kassane. No har Forsvaret opna kassane, som var tomme. Kassane skal takast ut av vegen til muren er bygd opp att. Deretter skal dei leggast på plass att, som eit minne om ein dramatisk del av historia vår.

Minesvingen er ikkje den einaste med namn – det har så og seia alle svingane i Stalheimskleiva. Bendiksvingen har fått namn etter arbeidsformannen. I Smiesvingen står det restar etter smia som vart sett opp under arbeida på midten av 1930-talet. Til liks med minekammera er smia eit kulturminne frå ein anna epoke enn sjølve vegen.

”... vedbliver Veien at gaa i en Mil til Gudvangen, rimeligvis det afskyeligste Hul paa Jordkloden, hvor Nærøfjorden begynder.”

Populært reisemål

Stalheimskleiva vart rekna som eit meisterverk i samtida, og omtala som eit «Kjempeværk i Veibyggingskunsten». Det vart hevda at ingen andre land i Europa kunne vise veg som var make denne, heller ikkje dei sveitsiske alpevegane! Utover 1800-talet vart Noreg oppdaga som turistmål, og Vestlandet med Sognefjorden var eit populært mål. Hordar med turistar kom med båt til Gudvangen og reiste med hest og kjerre inn Nærøydalen og opp den spektakulære Stalheimskleiva. I 1885 stod også Stalheim hotell ferdig. Frå hotellhagen var det praktfull utsikt ned kleiva og Nærøydalen, og ikkje få bilete har vore tekne herifrå og vist rundt i mange land.

Også i dag er Stalheimskleiva ein populær attraksjon. Men dagens reisande kjem i svært mykje lengre og tyngre doningar enn dei firbeinte som trafikkerte han på 1800-talet.

”Man svimler under Farten ved at skue nedad, og vender man Øiet opad, gyser man ved at se en andens Hest og Vogn lige over Issepunktet af Ens Jeg, og med alt dette sidder den Reisende dog saa sikker i sin Voiture som i Abrahams Skjød, betrygget ved Veiens vel beregnede Skraaplan og Jernrækværk.”

Heilt naudsynt med endringar

– Det er tydeleg at trafikken gjer skade på vegen, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for Drift og vedlikehald vest i Statens vegvesen.

– Skadene me har oppdaga viser tydeleg at det er heilt naudsynt med endringar, både for å ta vare på vegen som kulturminne, og for å sikra tryggleiken til dei som ferdast der.

Det er difor bestemt at maksimum tillatne aksellast på vegen frå i år blir redusert til 6 tonn. Då blir det ikkje lenger høve til å køyra store turbussar i Stalheimskleiva, noko som gjer at reiselivet i området må tenkja nytt.

– Stalheimskleiva skal ikkje stengast for trafikk. Vegen er eit viktig kulturminne, som mange bør få høve til å oppleva – både no og i framtida. Det er vår oppgåve å ta vare på denne viktige historiske vegen, og det inneber å leggja føringar for kva me utset han for, seier Finden.

Samarbeid og nytenking

Onsdag samlast representantar frå Vegvesenet, kommunane, fylket og reiselivet på Stalheim for å sjå på kva som vil skje med Stalheimskleiva framover.

Finden håper endringane kan føra til nytenking om korleis ein nyttar vegen, og korleis han kan opplevast best mogleg.

– Dersom me øydelegg vegen, mistar me både eit viktig historisk minne og ein kulturhistorisk attraksjon. Det taper me alle på. Forhåpentleg kan må finna smidige og smarte løysingar som varetek både vern og oppleving.

Fakta:

  • Stalheimskleiva er ei vegstrekning inst i Nærøydalen, på grensa mellom i Voss og Aurland kommune.
  • Strekninga er ca. 2 km lang og består av 14 hårnålssvingar opp Stalheimsberget.
  • Vegen vart bygd i perioden 1842–1849. Om lag 1000 menn var med på bygginga.
  • Arbeidet var leidd av kaptein Hans Christian Finne som også var ansvarleg for m.a. Vindhellevegen i Lærdal.
  • I innerkant er vegen til dels sprengd inn i hyller i fjellsida. I ytterkant er han støtta opp av tørrmur, dvs. ein mur av naturstein, bygd utan bindemiddel.
  • Vegen vart bygd med vegmurar på begge sider med eit steinfyll i mellom, og eit hardt topplag med godt pakka grus. Dette var etter dåtidas internasjonale standard.
  • Stalheimskleiva vart avløyst av ny riksveg i 1980.
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur