Kart som viser den aktuelle strekninga Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 10.11.2021 

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle startar dialogen med marknaden

– E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle er eit stort og viktig prosjekt og derfor ønskjer vi å skape attraktive kontraktar og komme tidleg på banen, seier prosjektsjef Katrine S. Erstad.

Statens vegvesen og Bane NOR inviterer til marknadsdialog for fellesprosjektet E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle. Interesserte entreprenørar og rådgjevarar vert invitert til å gi sine innspel til foreslått konktraktstrategi i éin‐til‐éin samtalar med prosjektleiinga.

– I møta vil vi også opplyse om sentrale element ved prosjektet og plan for kva som kjem framover. Eg er opptatt av å involvere dei som er interesserte tidleg, og å løfte frem moglegheitene som finnast for å kome med idear rundt kontraktstrategien. Vi ønskjer jo at denne skal bli best mogleg, understrekar Erstad.

Prosjektet planleggar byggestart i 2024 og både føreseielegheit og jevnleg dialog med marknaden meiner Erstad blir sentralt framover.

Utlysing av hovudentreprise kjem i 2024/25

Prosjektet ser for seg at første hovudentreprise lysast ut i 2024/25. Prosjektet vil kunne kome med datoar for fleire entreprisar når det har motteke ein investeringsavgjerd.

Video som forklarer konktraktstrategien og entreprisane

Prosjektet har produsert video på norsk og engelsk som forklarar alle entreprisane langs strekningen.

– Dette er gjort for at alle skal få ein tydeleg og felles forståing av omfang, grensesnitt og kompleksitet i prosjektet. Alle har dermed også same informasjon i forkant av dialog med prosjektet, seier Erstad.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur