Select Language
  • English
  • French
  • German
  • Italian
  • Spanish
Hjem » Foreslår ytterlegare 1 milliard kroner til togselskapa for å sikre rutetilbod
Foreslår ytterlegare 1 milliard kroner til togselskapa for å sikre rutetilbod Foto: Olav Heggø

Foreslår ytterlegare 1 milliard kroner til togselskapa for å sikre rutetilbod

– Sjølv om talet på reisande framleis er mykje lågare enn før koronautbrotet, har togselskapa byrja å køyre eit normalt rutetilbod rundt dei store byene. Dette gjer at toga kan køyre med tilstrekkeleg avstand mellom passasjerane, i tråd med tilrådingane om smittevern. Færre reisande betyr inntektstap for togselskapa. No trappar vi opp innsatsen for å få fart på norsk økonomi igjen. Dette gjer det naudsynt å løyve ytterlegare 1 milliard kroner til togoperatørane for å sikre eit tilstrekkeleg togtilbod, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

EMNE: Bane
PUBLISERT: 02.juni.2020

Togtransport bidrar til at samfunnskritisk personell kan reise til og frå arbeid under handteringa av koronapandemien. For å sikre dette, har det vore viktig å oppretthalde eit tilstrekkeleg godt togtilbod.

Etter kvart som samfunnet gradvis har opna opp igjen, har talet på passasjerar auka medan togselskapa i stadig større grad køyrer ordinært rutetilbod rutetilbod rundt dei store byane. I tråd med tilrådingane i smittevernrettleiinga køyrer togselskapa framleis med færre pasasjererar enn før koronautbrotet i mars i år.

– Vi vil bidra til at landet kjem tilbake på skinner og at fleire permitterte kan byrje å arbeide igjen. Då er det viktig at togtilbodet er dimensjonert for det, seier samferdselsministeren.

Vidareføring av ordning med tilleggsavtaler

I desember i fjor løyvde Stortinget drygt 4 milliardar kroner til statleg kjøp av persontogtenester på statsbudsjettet for 2020. I april i år løyvde Stortinget 550 millionar kroner ekstra på grunn av koronasituasjonen.

Løyvingsforslaget på 1 milliard kroner som regjeringa legg fram i dag, er ei vidareføring av ordninga med tilleggsavtalar som blei vedtatt i april i år. Midlane gjer det mogleg for Jernbanedirektoratet å inngå nye eller forlengje eksisterande tilleggsavtalar med togselskapa utover hausten, slik at eit tilstrekkeleg togtilbod kan bli vidareført. Den føreslåtte auken i løyvinga skal dekkje ein lengre periode og er difor høgare enn løyvinga som blei vedtatt av Stortinget i april.

Det er usikkert kor lenge det vil vere behov for tilleggsavtalar. Regjeringa føreslår difor at det vil vere mogleg å overskride løyvinga med inntil 300 millionar kroner, i fall det er naudsynt å forlengje perioden med tilleggsavtaler som følge av smitteverntiltak.

Tilleggsavtalane skal framleis gjelde i ein tidsavgrensa periode og bli avslutta så snart grunntilbodet blir dekt innafor eksisterande avtaler. Regjeringa vil fortløpande vurdere behovet for å forlengje dei mellombelse avtalene. Desse avtalane skal òg bli avgrensa mot andre kompenserande tiltak for å hindre overkompensasjon.

Andre tiltak for dempe negative konsekvensar for togselskapa

Fleire tiltak har blitt innført for å dempe dei negative konsekvensane for togoperatørane. Desse selskapa har blitt kompensert av Jernbanedirektoratet for persontogtenester basert på ordinær ruteplan, sjølv om togtilbodet har vore redusert i samråd med direktoratet på grunn av etterspurnad etter togreiser. Bane NOR har utsett innkrevjing av infrastrukturavgifter. Redusert meirverdiavgift på transport og generelle tiltak for næringslivet kjem òg togoperatørane til gode.