Ettersom tunnelen ligg på bergenssida fekk byrådsleiar i Bergen, Christine B. Meyer æra av å fyre av gjennomslagssalva. På trygg avstand fekk ho trykke på knappen i lag med bergsprengingsleiar Andreas Hagen Hella klokka 12 i går.
Nærmar seg fullt gjennomslag i alle fire vegtunnelar
Prosjektsjef for Sotrasambandet, Lene Sælen Rivenes, fortel at prosjektet no nærmar seg fullt gjennomslag i alle fire vegtunnelar. Ho er godt nøgd med å «huke av» gjennomslag i endå ein vegtunnel på OPS-prosjektet
– Gjennomslaget i Drotningsviktunnelen er ekstra stas, sidan det er den lengste tunnelen vi byggjer. Etter to år med krevjande arbeid gjennom komplekst terreng og tett på dagens riksveg, har vi no gjennomslag i begge løpa. Dette er eit resultat av solid innsats frå alle involverte, seier Rivenes.
Under ei steinrøys
Sjølve gjennomslaget kan vi ikkje sjå før om nokre dagar, men prosjektsjefen bedyrar at det er hol gjennom sjølv om ein ikkje kan sjå det med det blotte auget - enno
– Gjennomslag har vi, sjølv om det nett no ser ut som ei steinrøys. Her ligg vi så tett på viadukten ut til Sotrabrua og tårna at salvane er små, og gjennomslaget ligg gøymd under steinrøysa for å beskytte utløpet av tunnelen. Om nokre dagar når sprengsteinen er frakta ut, kan vi endeleg sjå lys i begge endar i begge løpa i tunnelen.
Den lengste og mest komplekse vegtunnelen i prosjektet
Drotningsviktunnelen er den lengste og mest komplekse vegtunnelen i prosjektet. Tunnelen går frå Storavatnet i Bergen, og munnar ut i Drotningsvik kor riksvegen fortsett ut på Nye Sotrabru. Første salve gjekk 2. november 2023. Tunnelen har to ramper for av- og påkøyring til og frå Drotningsvik. Rampene er til saman cirka 1,2 kilometer.
Prosjektdirektør i Sotra Link Construction Pedro Rodriguez takkar både naboar og trafikantar for tolmod og samarbeid.
– Vi er stolte over innsatsen til tunnelteamet i Sotra Link Construction, som har vist stor evne til å finne løysingar i møte med krevjande grunnforhold. Samstundes vil vi rette ei stor takk til naboar, trafikantar og næringsliv i området for tolmod og godt samarbeid undervegs, seier Rodriguez.
Moglegheit for to-vegstrafikk i eitt av løpa
Når tunnelen opnar, vil det vere mogleg å sette tovegstrafikk i eitt av løpa dersom det oppstår ei hending i det andre. Denne fleksibiliteten vil bidra til betre framkome og redusert risiko for stans på riksveg 555, som er sterkt trafikkert.
Mykje utstyr skal inn i tunnelane
No startar arbeidet med å innreie tunnelen. Mellom anna skal straum, vannleidning og system for overvann på plass, og etter kvart skal prefabrikkerte betongelement vert montert langs tunnelveggane. Siste del av jobben er installering av belysning, vifter, utstyr til brannsløkking og sikkerheitssystema i tunnelen. Så venter omfattande testar av tunnelen før den kan bli godkjent og opne for trafikk saman med resten av prosjektet.
  Fakta om tunnelen:
Det har gått med:
 
  
  
  
  
  SE BLADARKIV
 
  	SE BLADARKIV

 
  		 
  		 
  		 
  		 
  		 
  		