Foto: Svein Skeide/Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisert: 05.05.2021 

Gjennomslag i Nogvafjordtunnelen

Elevrådsleiar Frida Otterlei ved Haramsøy skule og ordførar Eva Vinje Aurdal fekk æra av å skyte gjennomslagssalva på Nogvafjordtunnelen tysdag 4. mai.

Frida Otterlei representerte barn og ungdom på Nordøyane. Ålesundsordføraren leiar ein kommune som blir tettare knytt saman når det blir døgnope samband mellom dei fem øyane og fastlandet.

Med gjennomslaget er også tunneldrivinga på Nordøyvegen ferdig. Totalt er det sprengt om lag 1,3 mil tunnel, fordelt på dei tre undersjøiske tunnelane Haramsfjordtunnelen (3500 meter), Fjørtoftfjordtunnelen (3680 meter) og Nogvafjordtunnelen (5730 meter) og miljøtunnelen Burbergtunnelen (170 meter) på Fjørtofta.

Lengste tunnelen

Nogvafjordtunnelen er den lengste av dei tre undersjøiske tunnelane og er også tunnelen som har vore mest utfordrande å drive.

Fv. Ordførar Eva Vinje Aurdal, Bjørn Presthus bas i Skanska og elevrådsleiar Frida Otterlei på Haramsøy skule. Foto: Svein Skeide/Møre og Romsdal fylkeskommune

– Spesielt frå Longva har vi hatt utfordringar med dårleg fjell og inntrenging av grunnvatn. Det har vore mange og lange periodar med tung sikring og tetting av berg. Og det har vore jobba veldig godt sjølv om det ikkje alltid har vore synleg i meter framdrift, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune.

To år med driving

Tunneldrivinga starta frå Longva i mars 2019 og frå Fjørtofta i juni 2019. 2502 meter av tunnelen er driven frå Longva og 3218 meter frå Fjørtofta.

No startar etterarbeida også i Nogvafjordtunnelen. Anleggsvegen gjennom tunnelen blir fjerna før den nye vegen blir bygd opp med dreneringssystem, reinseanlegg for tunnelvatn og eit omfattande elektroarbeid før monteringa av lys, vifter og tryggleikssystem startar.

Opnar sommaren 2022

Nogvafjordtunnelen mellom Longva og Fjørtofta og Fjørtoftfjordtunnelen mellom Fjørtofta og Harøya blir opna når heile Nordøyvegen opnar for trafikk sommaren 2022.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur