Biletet viser den eitt tonn tunge steinblokka etter at ho hadde treft vegbanen. Foto: Mesta
Publisert: 30.07.2021 

Har nettopp hatt inspeksjon på E39-tunnel

Statens vegvesen beklagar på det sterkaste steinnedfallet i Trodaltunnelen på E39 torsdag.

– Det viktigaste er menneskeliv ikkje gjekk tapt, og det er vi glade for, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen Drift og vedlikehold vest.

Siste inspeksjon var så seint som i juni/juli no i sommar, og vart sluttført berre tre dagar før hendinga. Tunnelen har i tillegg gjennomgått ei stor oppgradering.

– Dette visar at geologi ikkje er ein eksakt vitenskap. Fjell er eit materiale som er i bevegelse, understrekar Finden.

Statens vegvesen understrekar nok ein gong at dei er lei seg for det som har skjedd.

– Vi tar no ein gjennomgang av våre rutinar for å sjå om det er noko vi kunne gjort annleis her. Alle slike hendingar gjer at vi går igjennom våre rutinar for å sjå korleis vi kan bli betre, legg Finden til.

Så lenge våre vegar er opne, er dei trygge og framkomelege for dei reisande, understrekar Statens vegvesen.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur