Den 420 meter lange tunnelen opna i 1993, og ligg inst i Ryfylke i Rogaland, ikkje langt frå grensa til Vestland fylke.
– Vi skal gjera same jobb som vi dei siste åra har gjort i Vågstunnelen og Suldalsporten. Vi skal bergsikra, fornya vass- og frostsikring og sikra tunnelopningane, seier byggeleiar Espen Skjærbekk i Statens vegvesen.
– Vi jobbar 27. oktober–7. november og 24. november–5. desember. Arbeidstida blir 07.00–19.00 alle dagar, legg han til.
Det blir kontinuerleg ledebilkøyring mellom frå klokka 07.00–09.00 og 15.00–17.00. Elles blir gjennomkøyring kvar heile time, og saman med buss.
Vegvesenet oppmodar alle trafikantar til å respektera skilting og trafikkdirigering. Det handlar om sikkerheita både for arbeidarar og trafikantar.
Også dei tidene det ikkje vert arbeida, vil det vera nedsett fartsgrense i tråd med regelverket.
– Til våren held vi fram tunneljobben. Då skal vi montera kabelbru med ny og betre belysning, og setja opp nytt rekkverk. Det blir pause på grunn av vinter.
Følg med på 175.no eller appen Vegvesen trafikk for detaljar om trafikkreguleringa. Det har aldri vore fleire moglegheiter enn i dag til å halda seg orientert i sanntid om trafikkbildet.