Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Henrik Jonassen
Publisert: 22.07.2022 

Høyring: Regjeringa foreslår at òg vektarar skal få halde att passasjerar som ikkje har gyldig billett

– I dag kan innleigde vektarar halde att passasjerar som ikkje har gyldig billett kun dersom dei har følge av tilsette i transportselskapet. No ønsker vi at innleigde vektarar skal få den same retten til å halde att som dei tilsette. Det er uansett stort sett berre vektarar som gjennomfører billettkontrollar i dag. Transportselskapa avheng av dei. Derfor er dette eit viktig framlegg til lovendring, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Retten til å halde att passasjerar som ikkje har gyldig billett blei innført i 2003. Ein dom frå Høgsterett i 2020 tydeliggjorde at innleigde billettkontrollørar (vektarar) ikkje har nokon sjølvstendig rett til å halde att – det har kun transportselskapas eigne tilsette. I dag er det nærast utelukkande innleigde vaktselskap som gjennomfører billettkontrollar, og dermed kjem i situasjoner der retten kan bli nytta.

– Tal frå transportselskapa tydar at fleire vel å gå frå boten sin fordi dei veit at vektarane ikkje kan stoppe deg. Det er uheldig. Derfor er det naturleg at vi kjem med dette framlegget til lovendring. Vi kjem ikkje unna at det å ta kollektivtransport koster pengar, og alle må gjere opp for seg, seier Nygård.

Vektarane har obligatorisk utdanning

I framlegget til lovendringa er det lagt til grunn at vektarane kun skal kunne halde igjen passasjerar dersom politiet er på veg. Slik er loven for transportselskapas eigne tilsette i dag òg.

– Sidan vektarar gjorde dette i åra før dommen frå Høgsterett kom, fordi transportselskapa trodde dei hadde rett til det, er dette ei godt utprøvd ordning. Eg må òg understreke at vektarar i dag har strenge krav til kontroll og obligatorisk utdanning. Dei er godt rusta for slike jobbar, seier samferdselsministeren.

Framlegget blir no sendt på høyring, med frist 21. oktober. Samferdselsdepartementet skal deretter handsame innspela, før det eventuelt kjem ei lovendring til Stortinget.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur