Ei ekspertgruppe i Statens vegvesen meiner det er mogleg å spara 5,4 milliardar kroner ved å justera regelverket for bygging av tunnelar. Auka bruk av sprøytebetong, som her i Eiganestunnelen i Stavanger, er eit av tiltaka som kan gjera det rimelegare å byggja tunnelar. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 07.02.2024 

Kan spare milliardar på nye tunnelar

Ei ekspertgruppe i Statens vegvesen meiner det er mogleg å spara om lag 5,4 milliardar kroner ved byggja tunnelar på ein einklare, men fullgod måte, på 20 riksvegstrekningar.

Ekspertgruppa har sett på tunnelane på dei 20 vegprosjekta som ligg inne på prioriteringslista til Statens vegvesen. Dette er prosjekt som kostar meir enn ein milliard kroner. Det skal byggast 166 kilometer ny tunnel på strekningane. Fleira av tunnelane får to tunnelløp, slik at det det skal byggast 233 kilometer tunnelløp.

Vegvesenet meiner det er mogleg å bygge tunnelar på ein enklare, men likevel fullgod, måte.  I tillegg vil det vere innsparingspotensiale for tunnelar som skal rehabiliterast og tunnelprosjekt under ein milliard kroner. Forslaga kan vidare også komme til nytte for fylkeskommunane og Nye Veier AS.

Fleire av tiltaka vil også gjera det enklare å drifta og vedlikehalde tunnelane. Det er viktig. Vegvesenet bruker i dag 700 millioner kroner på drift og vedlikehald av tunnelar i Noreg.

38 tiltak

Arbeidsgruppa med erfarne tunnelfolk frå heile landet har vurdert 38 ulike tiltak.

Dette er nokre av tiltaka med størst økonomisk effekt:

  • Redusera tjukkelse på betongelement.
  • Smalare vegskulder for tunnelar med moderat trafikk.
  • Opne for bruk av sprøytebetong over PE-skum/membran på tunnelar med relativt høg trafikk.
  • Vurdere nye løysingar for brannsløkking.

Mindre betong og stål

Tunnelgruppa har også vurdert korleis moderniseringa av norsk tunnelbygging vil slå ut på klimarekneskapen. Det er særleg eit tiltak som kuttar utsleppa av CO2 kraftig: Ved å redusera tjukna på betongelementa frå 15 til 12 centimeter er det mogleg å bruka eit armeringsnett i staden for to. Det gir meir betong mellom armeringsjernet og bergveggen på den eine sida og mot trafikken på den andre. Mindre betong og armeringsjern gir også mindre transport

– Slik får me ein meir enn sterk nok betongvegg. Viss me også bruker rustfritt stål , aukar me levetida på tunnelveggene frå 50 til 100 år. Slik kan me bruka mindre pengar, samtidig som me kuttar CO2 utsleppa med 65 000 tonn CO2, seier prosjektleiar Marius Slinde.

Han meiner regelverk og praksis gjer norske tunnelar unødvendig dyre.

– Du kan byggja mange kilometer med ny veg for 5,4 milliardar kroner, seier Slinde.

Fem av tiltaka kan gjennomførast utan å endra regelverket for bygging av tunnelar. Sju av tiltaka vil krevja regelendringar.

Skal vere trygt

– Vil ikkje enklare tunnelar gå utover tryggleiken?  

– Nei, det skal vera trygt å køyra i norske tunnelar. Det gjeld trafikktryggleik, branntryggleik og sikring mot nedfall av stein. Samtidig må me unngå løysingar som gjev marginale gevinstar, slik at det vert rom for å realisere andre prosjekt raskare, seier Slinde.

Vil kutta rente

Forslaget om å redusere rentekompensasjonen entreprenørar får viss dei vinn fram i retten med eit krav, er tiltaket som monnar mest økonomisk. Forseinkingsrenta ligg på 8 prosent pluss styringsrenta til Noregs bank. Andre offentlege byggherrar som Bane NOR og Nye Veier kan gjera avtalar med entreprenør om lågare forseinkingsrente.

– Lågare renteutgifter ein ting. Mindre renteavkasting kan kanskje også motivere til å bli samde før saka endar i retten, seier Slinde.

Viktig jobb

Direktør for Utbygging i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, meiner ekspertgruppa i vegvesenet har gjort ein viktig jobb for å få meir tunnel for penga.

– Me må byggje mange mil med tunnel i framtida for å gjere vegnettet tryggare i Noreg, og sikra betra framkomme på riks- og fylkesvegane. Då er det viktig at me ikkje byggjer tunnelane meir kompliserte enn nødvendig, seier Davik.

Dette er tunnelane ekspertgruppa i Vegvesenet har vurdert:

Prosjekt  
E134 Oslofjordforbindelsen, byggetrinn 2 9,4 km
Rv. 4 Grua–Roa 1,2 km
E134 Røldal–Seljestad 12,7 km
E6 Megården–Mørsvikbotn 23,5 km
E16 Hylland–Slæn 6,3 km
E39 Vik–Molde 24,3 km
E16 Arna–Stanghelle og Vossebanen 8,8 km
19,0 km
E45 Kløfta 4,2 km
Rv. 7 Ørgenvika–Kittilsvik 1,3 km
E6 Ulvsvågskaret 3,7 km
E39 Ådland–Svegatjørn (Hordfast) 19 km
E134 Dagslett–E18, Viker 4,4 km
E39 Storehaugen–Førde 7,5 km
E39 Bjerkeset–Astad 1,4 km
E39 Klakegg–Byrkjelo 4,0 km
E39 Ringvei øst, Vågsbotn–Klauvaneset 5,3 km
E10 Nappstraumen–Å 1,7 km
E39 Volda–Furene 3,5 km
E18 Retvet–Vinterbro 2,4 km
E8 Flyplasstunnelen Tromsø inkl. F2-lenka 2,5 km
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur