Foto: Statens vegvesen
Emner
Publisert
12.07.2021

Kjøsnestunnelen er i rute

Arbeidet med å forlenge Støylsnestunnelen på rv. 5 langs Kjøsnesfjorden går etter planen. Etter gjennomslag ved årsskiftet, er vegbygging og innreiing av den 6,5 km lange nye tunneldelen kome langt.

- Arbeidet med Kjøsnestunelen går knirkefritt, og entreprenøren held oppsett framdriftsplan.  Både inni fjellet og ute har det vore full aktivitet, og berre to seksjonar står no att å støype av den ca. 130 meter lange portalen. No er det nedtrapping fram til anlegget tar velfortent ferie i tre veker frå helga, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen.

Den eksisterande Støylsnestunnelen på ca 2 km blir forlengja til å bli ein tunnel på totalt 8,5 km med namnet Kjøsnestunnelen, og det skal inn nytt elektrisk utstyr i heile lengda på den nye tunnelen. Elektroarbeidet vil starte i løpet av august, og ut over hausten kan elektroarbeid i den gamle tunneldelen bety noko heft for bilistane.

Delar asfaltert

Rundt 4,5 km av den nye tunneldelen er asfaltert med berelag, og innreiing med VA-anlegg og trekkerøyr for elektro er i full gang.  Rundt halvparten av den nye tunneldelen skal vass- og frostsikrast, og dette arbeidet vil pågå fram til månadsskiftet november/desember.

Foto: Statens vegvesen

Ved årsskiftet gjekk siste gjennomslagssalva, då den nye tunneldelen og Støylsnestunnelen vart kopla saman i ein 27 meter brei fjellhall. I dette samankoplingspunktet og i tverrslaget i Pevika blir det etablert rømningsvegar når den nye tunnelen står ferdig. Det blir totalt fem tekniske bygg i den nye tunnelen og  eitt utanfor tunnelen på Lunde.

Lengste på strekninga

Kjøsnestunnelen bli den lengste tunnelen på strekninga mellom Sogndal og Førde i Vestland fylke, der Fjærlandstunnelen (6,4 km) og Frudalstunnelen (6,8 km) frå før er lange tunnelar. Arbeidet med forlenging av tunnelen starta alt for fire år sidan, då entreprenøren Implenia sprengte ut 3 km tunnel for å levere steinmassar til bygging av ny E39 mellom Bjørset og Skei. Tunnelstein frå den pågåande kontrakta er mellom anna levert til Sunnfjord kommune som har nytta massen til å bygge ein ny rasteplass ved brua over Kjøsnesfjorden, i tillegg til masse for skogsveg og skredvoll.

Rv. 5 Kjøsnestunnelen blir bygd av Hæhre Entreprenør som totalentreprise. Multiconsult er entreprenøren sin rådgjevar og prosjekteringsansvarlege, medan TrafTec skal gjere elektroarbeidet. Prosjektet blir bygd for rassikringsmidler og har ei styringsramme på 1,2 mrd kroner. Den nye Kjøsnestunnelen skal etter planen opne for trafikk i september 2022.

Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur