Årsaka er arbeid i jernbanetunnelane mellom Arna og Dale, der togtrafikken blir stengd gjennom helga. Entreprenør treng tilgang til jernbanetunnelane frå E16 med utstyr og maskinar, og det er difor naudsynt stenge eitt køyrefelt på E16 på tre punkt.
Trafikken på E16 blir leidd forbi med trafikklys. Fredag og søndag ettermiddag vil ekstra mannskap vere på plass for å sikre god trafikkflyt. Dei tre strekka med lysregulering mellom Trengereid og Stanghelle er korte, mellom 50 og 100 meter.
Arbeidet i jernbanetunnelane er i regi av Fellesprosjektet Arna–Stanghelle, og er del av dei førebuande arbeida.
SE BLADARKIV
