Vinden kan føre til trefall i låglandet og snøfokk på fjellet. Nedbøren kan føre til jord- og flaumskred. Vegar kan bli stengde og ferjer innstilte. Varslet gjeld frå fredag kveld til utpå dagen laurdag.
Vegar og bruer kan bli stengde
Uværet vil ramme heile Sør-Noreg. Den kraftigaste vinden (raudt farevarsel) vil treffe kysten av Skagerrak. Den kraftigaste nedbøren (raudt farevarsel) vil ramme delar av Vestfold og Telemark.
Vinden gjer at mange vegar kan bli stengde på grunn av tre eller andre objekt i vegbanen. Mange reiser kan få mykje lengre reisetid. Bruer og utsette vegstrekningar kan bli stengde.
Det vil i nokre område bli vanskelege køyreforhold på grunn av overvatn og fare for vatnplaning. Det er stor fare for stengde vegar. Ein del stader kan miste vegsambandet mellombels. Ver førebudd på at reisa kan ta lengre tid enn ho pleier.
Fare for snø på fjellet
Også på fjellet i Sør-Noreg blir det kraftig vind, og det kan komme snø. For dei som skal over fjellet, er det viktig å vere godt førebudd.
– Folk må vere førebudd på vêret som kjem. Skal du over fjellet, er det viktig å sko køyretøyet rett. Køyr med vinterdekk, ha med mat og varme klede og pass på at bilen er fullada eller har nok drivstoff, oppmodar avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.
– Om det kjem snø, er entreprenørane våre allereie førebudde på vinter og står klare med både mannskap og maskinar for å rydde fjellovergangane i helga om nødvendig, legg han til.
Haustferien er ein periode med auka trafikk på mange vegstrekningar, spesielt mot fjellområde og populære hyttekommunar.