For å oppretthalde tunnelsikkerheita er det avgjerande at Statens vegvesen ved vegtrafikksentralane (VTS) har eit system som sikrar at innkomande alarmar er reelle, og med eit sikkerheitsmessig behov for at tiltak vert iverksett. Ved feil på tunnelutstyr, som gjev gjentakande alarmar til VTS, kan det medgå mykje tid til å kvittere ut desse. I ytterste konsekvens kan dette medføre at det går unødig lang tid før ein får retta merksemda mot eventuelle reelle alarmar som krev tiltak. Det er avgjerande å luke ut gjentakande alarmar som gjev alarmstøy, slik at systemet hjå VTS fungerer etter formålet og at tilliten til systemet blir oppretthalden.
Tilsynssaka har vist at Statens vegvesen er i gong med eit omfattande og langsiktig arbeid for å sikre ei robust og framtidsretta automasjonsplattform (FRAP). Statens vegvesen er godt kjent med utfordringane knytt til stort alarmvolum frå tunnelutstyr, og arbeid pågår for å finna løysingar.
Tilsynssaka har vist at Statens vegvesen er opptekne av å rette fokus mot meir deling av kunnskap internt i organisasjonen. Statens vegvesen har ikkje eit verktøy for å systematisere erfaringane med tunnelutstyr. Eit av områda som inngår i arbeidet med erfaringsoverføring, gjeld erfaringar med tunnelutstyr som genererer stort alarmvolum. Her vil mellom anna pågåande arbeid med å sikre identifisering og korrigering av feil på rett plass i systemet vere sentral.
Det er venta eit vesentleg utkome frå arbeidet som automasjonsmiljøet i Statens vegvesen utfører med å digitalisere delar av arbeidsflyten frå feil på tunnelutstyr oppstår til feilen er utbetra.
SE BLADARKIV
