– No i helga fekk me støypt ein cirka 20 meter lang seksjon av den nye rassikrings-portalen. Neste helg blir det nok ein stor støyp. Då skal den andre av totalt fire seksjonar støypast, og det er ein del på cirka 12 meters lengde, seier prosjektleiar Eirik Matre Røthe i Statens vegvesen.
Slik som sist, må europavegen haldast stengt medan betongen går i forma og det herdar. Tunnelen vil vere stengt for all trafikk, utanom utrykkingskøyretøy i aktiv utrykning.
E16 blir stengt ved Dalseidtunnelen frå klokka 07.00 laurdag 30. august og fram til klokka 12.00 søndag føremiddag.
Omkøyring for gjennomgåande trafikk blir via Hardanger på fylkesveg 49, fylkesveg 79 og riksveg 13 på ruta Trengereid–Norheimsund–Granvin.
Dirigerer trafikken
Vegvesenet skal ha trafikkdirigentar på Voss og i Trengereid for å sikre at gjennomgåande trafikk kjem inn på omkøyringsruta. Fylkeskommunen vil også ha trafikkvakter som følgjer med på trafikken, og set i gang dirigering ved behov.
Den nye portalen på Dalseidtunnelen skal sikre trafikantane mot steinnedfall ved tunnelmunninga, då berget er svært bratt der tunnelen kjem ut på vestsida. Portalen blir bygd med ekstra mykje armeringsstål, for at den skal vere svært solid. Det vil også komme eit gruslag på mellom 2,5 og 4 meter oppå portalen, som skal dempe og spreie kreftene frå eit eventuelt steinnedfall frå stor høgde.
Portalen er siste del av oppgraderinga
I dei fem tunnelane rundt Dale har det vore omfattande gravearbeid, for å få på plass nye røyr og leidningar. Det er installert nye nødtelefonar, kameraovervaking, ny belysning, nye vifter, sendarar for DAB-radio og naudnett. Mesta er hovudentreprenør på arbeidet.
Oppgraderinga gir trafikantane betre og sikrare framkomst på denne delen av E16. Forlenging og forsterking av portalen på Dalseid er siste del av arbeidet. Sjølve betongarbeidet er planlagt ferdigstilt i haust, medan omfyllingsarbeidet er planlagt utført våren 2026.