Stemningen var god da statssekretær Jakob Bjelland kuttet snora på rv. 4 Sandvoll - Amundrud sammen med prosjektleder Jan Erik Kvarberg i Anlegg øst, lærlingene Sander Hovde og Tiril Sølie Halvorsen, ordfører Randi Eek Thorsen, utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik, vegdirektør Ingrid Dahl Hovland og byggeleder John Bekken. Foto: Per Kollstad/Statens vegvesen
Publisert: 21.12.2022 

Nye rv. 4 Sandvoll–Amundrud opna

Tysdag 20. desember blei den nye vegen mellom Sandvoll og Amundrud opna. – Det er flott at vi no opnar ny og betre veg her på Hadeland. Riksveg 4 er ei viktig transportåre for dei som bur i området og for lokalt og regionalt næringsliv, seier statssekretær Jakob Bjelland om opninga.

Prosjektet er ein del av den andre etappen av utbygginga mellom Roa og Lygna på riksveg 4. Den om lag 3,8 kilometer lange strekninga har no blitt breiare mellom Sandvoll og Amundrud. Køyretida mellom Roa og Lygna blir om lag åtte minutt kortare.

– Den nye vegen står klar sju månader før tida, og det ser ut til at prisen vert lågare enn ein først hadde rekna med. Dette er gode nyheiter, og ein raskare og tryggare veg er bra for både vanlege folk og næringstransporten, seier Bjelland.

Det trafikkfarlege Mohagenkrysset blir tryggare med etablering av akselerasjonsfelt, samtidig som strekninga får midtrekkverk.

– Eg trur og håper den nye vegen vil bidra til eit styrka Hadeland, med fordelane det vil gje både lokalt, regionalt og nasjonalt, avsluttar Bjelland.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur