Den opphavlege rasteplassen frå 1990-talet er no oppgradert med sitjebenkar, vegetasjon og universelt utforma tilkomst. Målet har vore å skape ein open og vennleg stad som inviterer til ein god pause i den vakre naturen. 3RW arkitekter AS står for utforming av oppgraderinga med ansvarleg arkitekt Sixten Rahlff. I arbeidet har arkitekten lagt stor vekt på gjenbruk av stein.
– I dette prosjektet har vi gjenbrukt stein frå denne rasteplassen og frå Dalberget rasteplass, lenger oppe i Måbødalen. Steinen er brukt til tørrmurar langs begge sider av tilkomstrampa og rundt opphaldsområdet. Grove skifferheller frå eit anna turistvegprosjekt er skorne i avlange former og brukte som stolpar i rekkverket, fortel Per Finborud, plan- og prosessleiar i Statens vegvesen Nasjonale turistvegar. Små tre frå nærområdet er planta mellom dei nye skiferbenkane.
Prosjektet er ein del av satsinga på å utvikle Nasjonal turistveg Hardangervidda til ei heilskapleg reiseoppleving, der det storslåtte høgfjellandskapet på Hardangervidda møter den dramatiske naturen gjennom Måbødalen med bratte fjellsider, djupe juv og mektige fossar.
Anleggsarbeidet vart lyst ut som ein open tilbodskonkurranse i januar 2025. Mesta AS fekk tildelt oppdraget.
Byggherre: Statens vegvesen Nasjonale turistvegar
Arkitekt: 3RW arkitekter AS ved arkitekt Sixten Rahlff
Entreprenør: Mesta AS, avdeling Førde