Oppryddinga etter skredet på E16 Nærøydalen måndag har gått raskare enn føresett, og Statens vegvesen kan opna eitt køyrefelt alt klokka 12.00 i dag. Foto: Morten Ørbech Mo/Statens vegvesen
Publisert: 13.09.2023 

Opnar eitt køyrefelt i Nærøydalen klokka 12.00

Statens vegvesen opnar eitt køyrefelt i Nærøydalen klokka 12.00 i dag.

Det var måndag ettermiddag at eit stort skred stengde vegbanen på E16 ved Hylland.

Oppryddinga pågjekk gjennom tysdagen.

Tek atterhald om skadar

– Vi sa då at ny vurdering om opning skulle koma i ettermiddag. No er vi glade for å kunna melda at oppryddinga er komen så langt at me kan opna eitt køyrefelt alt frå klokka 12.00 i dag, seier byggeleiar Gaute Sekse i Statens vegvesen.

Som understrekar at sjølv om eitt køyrefelt no vert opna, så tek Vegvesenet atterhald om at det kan vera skadar på vegbanen som framleis ikkje er oppdaga.

Det vil bli trafikkdirigering forbi skredstaden, og Sekse understrekar kor viktig det er at alle trafikanter fylgjer denne.

– Ikkje ha det travelt, vér med og ta ansvar for tryggleiken

– Som vegeigar er vi sjølvsagt glade for å kunna opna eitt felt på aust/vest-sambandet E16 alt no, tidlegare enn først førespegla. Som ansvarleg vegeigar er det også viktig å understreka at dette skjer etter grundige vurderingar, i samråd med geolog, om at det er trygt, legg Sekse til.

– For at tryggleiken framleis skal verta vareteken, er det viktig at alle trafikanter køyrer trygt og trafikksikkert og held sin plass i køen. Ikkje ha det travelt. Det er viktigare å koma trygt fram enn fort fram, avsluttar han.

Det er mogleg med omkøyring via riksveg 13 Vikafjellet, og Norled har sett opp ekstra ferjeavgangar på natt frå Vangsnes til Hella klokka 02.00, 03.00 og 04.00, og frå Hella til Vangsnes klokka 02.30, 03.30 og 04.30.

Andre omkøyringsmoglegheiter mellom Austlandet og Vestlandet er via riksveg 7 Hardangervidda eller E134 Haukelifjell.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur