Riksveg 13 Butunnelen ligg like sør for Hardangerbrua. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 11.03.2026 

Øving i riksveg 13 Butunnelen

Tysdag 17. mars held Statens vegvesen brannvernøving i riksveg 13 Butunnelen i Eidfjord.

Tunnelen vil i samband med øvingane vera stengd frå klokka 17.00–18.30.

Det er ingen omkøyring for privatbilistar i området. Nødetatar vil sjølvsagt sleppa igjennom.

– Gjer dette for trafikantane sin tryggleik

– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei, som ein del av arbeidet med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiar Ove Edgar Amundsen i Statens vegvesen.

Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vi skal halda slike beredskapsøvingar, legg han til.

Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesen sitt kontinuerlege arbeid med å syta for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett.

Totalberedskap

Statens vegvesen er en del av den totalberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.

Vegdrift handlar om konsekvens. Vegvesenet gjer derfor alt som er mogleg for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg.

– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med naudetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudd den dagen ein situasjon skulle inntreffa, legg Amundsen til.

Naudetatar frå Eidfjord deltek også i øvinga.

Det vil bli brukt røykmaskin under øvinga, for å simulera røyk etter bilbrann i tunnel. Etter øvinga kjem røyken ut av tunnelen. Røyken vil vera synleg, men er heilt ufarleg og vil forsvinna raskt.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur