– Erfaringane frå dei to fyrste konkurransane om trafikken på Sørlandsbanen og på strekningane i nord, er gode. Togtilbodet blir minst like bra som i dag, samstundes som staten skal bruke vesentleg mindre skattepengar på å kjøpe togtilbod enn før. Det er difor all grunn til å halde god framdrift i konkurransane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Publisert: 09.09.2019 

Raskare framdrift i togtrafikkpakkane: Jernbanedirektoratet kunngjer konkurransen om Trafikkpakke 4 allereie no

– Erfaringane frå dei to fyrste konkurransane om trafikken på Sørlandsbanen og på strekningane i nord, er gode. Togtilbodet blir minst like bra som i dag, samstundes som staten skal bruke vesentleg mindre skattepengar på å kjøpe togtilbod enn før. Det er difor all grunn til å halde god framdrift i konkurransane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Jernbanedirektoratet har orientert Samferdselsdepartementet om at dei har offentleggjort trafikkpakke 4 for konkurranse i dag. Trafikkpakken omfattar fleira av togtilboda i Austlandsområdet og inneheld følgjande strekningar:

  • L1 (Spikkestad – Lillestrøm)
  • L 2 (Stabekk – Ski)
  • L21 (Stabekk – Moss)
  • L22 (Skøyen – Mysen)
  • R20 (Oslo S-Halden)
  • L3 (Oslo S – Jaren)
  • R30 (Oslo S – Gjøvik)

Eit krav i regelverket er at direktoratet kunngjer konkurransen seinast 12 månadar før direktoratet sender ut grunnlaget for konkurransen. For å halde tempoet oppe og for å gi seg sjølve meir fleksibilitet tidsmessig og samstundes gje tilbydarane betre tid, vel direktoratet å offentleggjere kommande trafikkpakker for konkurranse i dag. Tildeling av kontrakt for trafikkpakke 4 vil etter planen finne stad før hausten 2021. Trafikkstart er sett til desember 2022, samstundes med opninga av Follobanen.

Fordel med betre tid

Trafikkpakke 4 er stor og inneheld eit omfattande togtilbod. Det er mellom anna planlagt å leggje om rutetilbodet på Østfoldbanen i samband med opninga av Follobanen i desember 2022. Dette vil krevje auka ressursinnsats i form av fleire tog og rekruttering av togpersonell.

Tilbydarar i Trafikkpakke 1: Sør og Trafikkpakke 2: Nord, har i tilbakemelding til direktoratet gitt uttrykk for at tida frå tildeling til oppstart har vore knapp i dei fyrste trafikkpakkane, og at det er ein fordel for vinnande togoperatør om oppstartsperioden er lengre enn eitt år. Det er hovudårsaka til at jernbanedirektoratet kunngjer konkurransen om trafikkpakke 4 allereie no. Forlenging av perioden før trafikkstart kan gjere at fleire togselskap vil delta i konkurransen om trafikkpakka.

Tek atterhald om budsjettbehandling i Stortinget

Regjeringa vil leggje fram planar for dei komande  trafikkpakkene i statsbudsjettet for 2020. Direktoratet vil oppdatere kunngjeringa dersom det er behov for dette etter Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2020.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur