Det vil vere aktuelt å bruke den foreslåtte auken på 66,8 millionar kroner til betre driftsstabilitet og tryggleik hovudsakleg på Nordlandsbanen.
– I dag er det for mange forseinkingar og innstillingar. Vår viktigste oppgåve i 2025 og framover er å fikse jernbanen. Vi må få den til å fungere betre, både for passasjerar og godsoperatørane. Regjeringa har lova å prioritere vedlikehald og fornying av infrastrukturen. Dette løftet har vi holdt, både i ny Nasjonal transportplan og i jernbanebudsjettet for i år, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Vedlikehald og fornying har høgste prioritet
Med forslaget i revidert nasjonalbudsjett, er det foreslått om lag 7,5 milliardar kroner til fornying og mindre investeringer på jernbanen i 2025. Blant moglege tiltak er ras- og skredsikring og drenering. Å auke innsatsen innan fornying av infrastrukturen bidrar til færre forseinkingar og innstillingar i togtrafikken.
– Med desse endringane blir løyvinga til fornying av infrastrukturen auka med 40 prosent frå i fjor. Dette illustrerer den store satsinga som no er i gang, seier samferdselsministeren.