Skredet skjedde på samme plass som tysdag forrige veke. Foto: Steinar Fresvik/Statens vegvesen
Publisert: 26.07.2022 

Riksveg 13 i Hardanger stengt fram til onsdag etter nytt skred

Riksveg 13 mellom Tyssedal og Stana er stengt etter at det gjekk eit mindre skred før klokka 14 i går. På grunn av fare for nye skred vil vegen vere stengt, i første omgang fram til onsdag.

Skredet skjedde på same plass som det gjekk skred tysdag førre veke. Statens vegvesen konstaterte at det var meir stein som kunne lausne i fjellsida, men at situasjonen var stabil fram til det kom meir nedbør. Vegen har difor vore open for fri ferdsle sidan tysdag kveld.

Statens vegvesen oppretta observasjonspost på staden i går, på grunn av auka skredfare. Herfrå vart det varsla om eit mindre skred like før klokka 14 måndag.

Auka skredfare

– Fordi det er venta mykje nedbør dei neste dagane, har skredfaren i området auka. Vi vurderer at det ikkje er forsvarleg å halde vegen open før denne nedbørsperioden er over, seier byggeleiar Rolf Anders T. Svensson i Statens vegvesen.

Det er for augneblinken inga sikring på vegen, etter at skredet førre veke tok med seg fanggjerdet.

Ny vurdering onsdag

Statens vegvesen vil gjere ei ny vurdering onsdag, men det vil uansett ikkje vere aktuelt å opne vegen tidligare.

Ullensvang kommune vil saman med Skyss setja opp båtskyss for arbeidsfarande.

For langveisfarande er det omkjøring, blant anna via fylkesveg 550 og ferjesambandet Jondal – Tørvikbygd.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur