Jon-Ivar Nygård. Foto: Erik Burås for Samferdsel & Infrastruktur
Publisert: 15.05.2025 

RNB 2025: Meir vedlikehald av riksvegane våre

– I tråd med ny NTP ønsker regjeringa å ta betre vare på vegane våre. Gode og trygge vegar er viktig for beredskapen i landet, og for alle dei som er avhengig av vegane i kvardagen – både som arbeidsplass og transportåre. Derfor foreslår vi over 300 millionar kroner meir til vedlikehald av riksvegar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa fortset satsinga på vedlikehald og foreslår i samband med RNB 2025 å auke løyvinga med 306,9 millionar kroner. I 2025 vil det med forslaget bli løyvd 11,1 milliardar kroner til drift og vedlikehald, som er 730 millionar kroner meir enn løyvinga i 2024. Med desse pengane vil entreprenørar over heile landet kunne gjennomføre meir vedlikehald i år enn det som tidlegare var førespegla.

– Denne satsinga er heilt i tråd med Hurdalsplattforma og NTP 2025–2036. Regjeringa har lagt opp til ein heilskapleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet i landet. Ein viktig grunnstein i denne planen er å stagge nytt forfall på riksvegane våre.

Vil prioritere Midt-Noreg og Nord-Noreg

Asfaltering i Midt-Noreg og Nord-Noreg vil særleg bli prioritert, då behovet er størst i desse regionane. Gjennomføringa av vedlikehaldstiltaka på vegane vil bidra både til betre trafikktryggleik og framkomme for trafikantane.

Satsing på vedlikehald gir eit meir robust vegnett for beredskapen i landet. Dette vil òg gje reduserte kostnadar i framtida. Det blir mindre risiko for eskalerande forfall og skadeutvikling på infrastrukturen.

– Med denne satsinga viser regjeringa vilje til å velje det som er riktig. Vi må få meir for pengane. Det gjer vi ved å ta vare på vegane våre, og vi må prioritere trygt og ansvarleg gjennom ei uroleg tid, seier Nygård.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur