Frå Eikredammen mot Ulsåk skal vegen utbetrast på ein omlag fire kilometer lang strekning. Foto: Simen Haga
Publisert: 08.01.2024 

Rv. 52 Eikredammen–Ulsåk plan på høyring

Statens vegvesen legg ut planforslaget for strekningen Eikredammen–Ulsåk i Hemsedal på høyring 8. januar 2024.

Høyringsperioden varer fram til 19. februar. Rv. 52 er ein viktig transportveg for godstransport mellom aust og vest. Vinterregularitet er viktig, og tiltak som skal utførast tek sikta på å betra framkomma og trafikktryggleiken på strekningane. Statens vegvesen ønskjer å utvida dagens veg, byta ut og erstatta delar av vegkroppen enkelte stader og dessutan betre trafikktryggleiken på strekninga.

Breiare veg og slakare linjeføring

Dagens veg skal utbetrast til vegklassen H1, som i det aktuelle planområdet betyr auka vegbreidde, og slakare linjeføring. H1= vegbreidd 9 meter inkl 1 meter brei midtoppmerking 2 x 3,5 meter køyrefelt og 2 x 0,5 meter skuldrer.

Utbetring av veg krev mindre areal enn å byggje ny veg i nytt terreng. Vegen ligg i eit område med skog og dyrka mark med spreidd busetnad. Delar av vegen ligg i dagens situasjon nær elva Hemsila. Minste avstand er cirka 6,5 meter.

Fire kilometer veg

I hovudsak breiddeutvides og sideforskyves vegen i nord-austleg retning. Dette blir gjort for å auka avstanden mellom vegen og Hemsila, og for å unngå dyrka mark som i hovudsak ligg på sørsida av vegen, og heller gjere inngrep i skogareal på nordsida av vegen, på areal som allereie er hogget. Totalt er strekninga omtrent kilometer lang.

Fire nye bruer

Det er fire brukonstruksjonar i planområdet, og alle bruene vil bli erstatta. Som utgangspunkt vil bruene bli erstatta av prefabrikerte løysingar, betongkulvertar eller røyr. Dette blir gjort for å redusera stengjetid på riksveg 52, redusere prosjektkostnaden, og bidreg til redusert klimagassutslepp ved å redusera stål og betongmengd. Løysingane er dimensjonerte for å kunna handtera ein 200-årsflaum og vil bidra til eit meir robust vegnett for vêren og klimaet i framtida.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur