Prosjektleiar Anders Muldsvor, ordfører Jenny Følling, regionsjef Aart Verhage, og Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga. Foto: Alf Vidar Snæland
Publisert: 08.09.2022 

Sande sentrum og Skagekleiva har fått økt sikkerheit mot skred

NVE har sidan hausten 2020 jobba med to større sikringstiltak i Skagekleiva og i Sande sentrum. Fredag 2. september blei sikringstiltaka, som blant anna består av skredvoller og flaumsikring, formelt overlevert til Sunnfjord kommune.

– Vi i NVE er glad for at vi saman med Sunnfjord kommune no har bidrege til å auke tryggleiken for innbyggarane i Sande, seier Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga. Sikring er noko av det mest meiningsfulle vi gjer, fordi det bidrar til at folk kan bu trygt.

Området har historisk sett vore ramma av både sørpeskred og jordskred. Faresonekartlegging i nyare tid gjorde at kommunen søkte NVE om bistand til sikringstiltak både i 2006 og 2008.

– Vi opplever at Sunnfjord kommune tar naturfare på alvor. Dei jobbar kontinuerleg med å auke tryggleik for innbyggarane. Kommunen har dyktig fagkompetanse i alle ledd som har vore med å løfta desse prosjekta, fortset Samdal.

Glad ordførar

Overleveringa av sikringstiltaka ble feira med kaker, taler, og ei synfaring av skredområda. Ordføraren Jenny Følling var ei av dei som var tilstade på markeringa.

– Eg er veldig glad for at rassikringa i Skagekleiva og Sande endeleg er gjennomført. Det er viktig for tryggleiken til dei som bur i Skagen og i Sande sentrum, seier ho.

Godt samarbeid med andre aktørar

I tillegg til NVE og Sunnfjord kommune har det vore mange involverte aktørar. Dei har saman sørga for et vellykka prosjekt.

NGI har, i tillegg til å lage faresonekart, vore ansvarleg for den geotekniske delen. Dei har kontrollert dimensjoneringa av øvre ledevoll og hatt kontroll med stabiliteten under sjølve utføringa.

Sæle AS har vore ansvarleg prosjekterande for byggetrinn 2, i tillegg til alt av betongkonstruksjonar.

NVE si eiga anleggseining med sine lokale entreprenørar frå Førde, Jølster og Sande har også vært sentrale i arbeidet. På Skagekleiva har Magne Hafstad AS hatt oppdraga med sprenging og transport. Ivar A Sunde AS har hatt betongarbeidet på begge prosjekta. På skredsikringa av Sande sentrum har Gaular Pukk og Sand AS hatt all leveranse av stein til plastring og filterlag og singel til grøfter. Røyseth Maskin AS har vore med å bygge skredsikringane.

– Det er gledeleg å sjå at samarbeidet med dei involverte aktørane har vore så god, seier Brigt Samdal. Prosjekta har gitt oss mykje verdifull erfaring som vi tar med oss vidare til sikringsprosjekta vi skal arbeide med i framtida, avsluttar han.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur