Slik blir det ferdige krysset sett vestover, Vegsundbrua ligg utanfor høgre biletkant. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 20.10.2025 

Signerte kontrakt for ombygging av E39 Veibustkrysset

Divisjonsdirektør Kjell Inge Davik signerte fredag kontrakt med entreprenøren Busengdal AS om ombygging av E39 Veibustkrysset. Kontraktssummen er på cirka 78 millionar kroner (eksklusive mva), og arbeidet vil starte opp så fort som mogleg.

– Det er svært gledeleg at vi i dag signerer kontrakt med ein lokal entreprenør for å bygge om eit ulykkesutsett kryss på E39, seier divisjonsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen.

Han var fredag i Ålesund for å signere kontrakt med Busengdal AS,  og signeringa føregjekk på Statens vegvesen sitt anleggskontor i Breivika i Ålesund.

– Vi er svært fornøgde med å bli vald som hovudentreprenør på E39 Veibustkrysset. Dette er eit viktig samferdsels- og utbetringsprosjekt i vår region, som betyr mykje for veldig mange. Vi er sikre på at vår kunnskap og erfaring skal bidra positivt til å gjennomføre prosjektet effektivt, trygt og kvalitetsmessig bra for alle partar, seier dagleg leiar Rolf Anders Håberg i Busengdal AS.

Hadde beste tilbodet

Veibustkrysset ligg i Sula kommune, rett sør for Ålesund, og fem entreprenørar kom med tilbod på arbeidet. Busengdal AS kom med det rimelegaste tilbodet, og dei hadde også det beste forholdet mellom pris og kvalitet, i høve til tildelingskriteria i konkurransen.

– Vi er godt fornøgd med konkurransen, og det var svært jamnt mellom dei lokale entreprenørane, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Finansiering av det nye krysset kom på plass i samband med framlegg av forslag til statsbudsjett 2025, og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård stadfesta personleg at prosjektet fekk finansiering under eit besøk til Ålesund i september i fjor.

– Eg er glad for at Statens vegvesen no har signert kontrakt for E39 Veibustkrysset. Denne utbetringa vil gjere det tryggare og meir forutsigbart for bilistar i Ålesundsområdet, og nytt fortau under brua vil gjere det tryggare for dei som veljer sykkel og gange, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Arbeidet som skal gjerast

Det er i dag utfordrande å komme seg inn på E39 frå lokalveg/industriområde på grunn av den store trafikken på E39. Spesielt når ein skal svinge til venstre og må ha klar køyrebane i to retningar, kan ein bli ståande lenge før ein kjem seg inn på E39. Dette er også med på å skape farlege situasjonar.

Veibustkrysset skal byggast om til eit nytt toplanskryss med tilhøyrande av- og påkøyringsramper. Eksisterande bru under E39 skal rivast, og det skal byggjast ny bru med to køyrebaner og fortau under brua. Eksisterande busslommer inntil E39 skal stå omtrent som før, og det skal byggjast nødvendig gangvegsystem frå busslommene og fram til kommunalt vegnett.

Førebuande arbeid i krysset har starta , med omlegging av høgspentkablar og lagring av stein som skal nyttast på veganlegget. Krysset skal vere ferdig ombygd sommeren 2027.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur