Arbeida mellom Sogndal og Leikanger startar 2. juni, og er planlagde ferdig til jul.
– Me skal få opp fanggjerde og erosjonsnett i dette skredutsette området som er krevjande å bevega seg i. Difor tek arbeida tid. Det skal vera sikkert både for dei som arbeider og trafikantane. Det vil aldri vera aktuelt for Statens vegvesen å gå akkord med tryggleiken. Difor blir det nødvendig med stengeperiodar gjennom heile dagen. Desse vert det opplyste om på 175.no, seier byggjeleiar Andrea Holsen Horstad i Statens vegvesen.
Det er ikkje mogleg å få til dette skredsikringsarbeidet utan stengingar. Statens vegvesen har gjort alt som er mogleg for å minimera ulempene for trafikantane medan arbeida pågår.
– Me har i stengetidene teke omsyn til bussen, og me har lagt opp til kortast planlagde stengingar morgon og ettermiddag, dei tidene på døgnet då det er mest trafikk i dette området, supplerer Horstadog kjem med ein appell til slutt:
– Respekter skilt, lysregulering og manuell trafikkdirigering. Alle kan verta utolmodige på grunn av venting, men trafikkreguleringa handlar om noko som er mykje større enn det: Nemleg alle sin tryggleik. Den står alltid i høgsetet for Statens vegvesen, og det er difor me no skredsikrar dette området.