Frå anleggsområdet på E134 Austreim i Vindafjord. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 02.10.2023 

Statens vegvesen åtvarar mot køyring inn i sprengings-område

Statens vegvesen med kraftig varsko: Trafikantar ignorerer trafikkdirigering og køyrer inn i område der det skal sprengast på E134 Haugalandet.

Det er på Austreim i Vindafjord at Vegvesenet no opplever ei trafikkåtferd som både er ulovleg og i verste fall livsfarleg.

– I løpet av første veke på anlegget har vi registrert tre slike tilfelle. Dette er alvorleg! seier ein sterkt prega byggeleiar Einar Stange i Statens vegvesen.

– Slik kan vi ikkje ha det

– Vi sprenger på staden, og er redde for at trafikantar skal havna inn i ein salve med dei alvorlege konsekvensar det i verste fall kan få, legg han bekymra til.

– Slik kan vi ikkje ha det, og vil minna om at trafikkdirigentar er der for ein grunn. Og det er for å sørga det som alltid kjem først for Statens vegvesen på alle våre 10 600 kilometer med veg: Nemleg sikkerheita, seier han med ettertrykk.

Nullvisjon for drepne og hardt skadde

Trygge vegar er eit samfunnsoppdrag i Statens vegvesen og samarbeidspartnarar kvar dag, heile året, går dedikert inn for å løysa, i tråd med nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken.

– Då er det heilt avgjerande at trafikantane tek sin del av ansvaret her, mellom anna ved å følga signal frå trafikkdirigentar. Vi ønsker ikkje å setja nokon i potensielt farlege, og spesielt ikkje livsfarlege, situasjonar. Det gjeld alle stader der det er vegarbeid, og særleg der vi sprenger. Vi har ingen fleire å mista. Følg lysregulering og trafikkdirigentane sine beskjedar, for vårt alles beste, appellerer Stange.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur