I dette området på Stord skal Statens vegvesen i oktober betra trafikktryggleiken. Illustrasjon: gulesider.no
Publisert: 29.09.2023 

Statens vegvesen betrar trafikktryggleiken på 13 kilometer E39 på Stord

Frå Eide til Førland gjer Statens vegvesen i oktober fleire tiltak som betrar trafikktryggleiken.

– 2,5 kilometer nytt stålrekkverk skal setjast opp, og vi skal jamna ut sideterrenget. Jobben startar måndag, 2. oktober, og skal vera ferdig innan 30. oktober, seier byggeleier Einar Hauge i Statens vegvesen.

Entreprenør er Mesta, og kontraktssummen er på 6,1 millionar (6.190.716) pluss moms. Det var ytteregare fem tilbydarar på oppdraget.

Jobben blir gjort på dagtid. Trafikken blir regulert med lys og trafikkdirigentar.

Derfor er det viktig å gjera dette

Dette TS-prosjektet (trafikksikkerheit) går rett inn i kjernen på det drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet handlar om.

– Dette er eitt av mange prosjekt som kvar for seg kanskje ikkje utgjer så mykje, og ikkje er dei mest kostbare, men som i sum har stor betydning for kvardagen til folk, tryggleiken på vegane og konkurransekrafta for næringslivet, seier Hauge.

Det å jamna ut sideterreng gir betre sikt for sjåførane av dei gjennomsnittleg 4.000 køyretøya som dagleg trafikkerer denne strekninga.

Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 17 prosent, eller 680, lange køyretøy/tungtrafikk.

Noko av det finaste du kan gjera

Betra sikt, samen med forbetra rekkverk-standard, bidreg også til å redusera risikoen for ulukker og alvorlege hendingar, eller minska skadane når ei ulukke har skjedd, i tråd med vår nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken.

Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald som dette er å sørga for at vi klarar det i morgon.

Det handlar om å ta vare på det vi har, noko som er noko av det finaste du kan gjera både for trafikantane, samfunnet og klimaet.

– Større konsekvens om vi ikkje gjer noko

– Statens vegvesen erkjenner at eit arbeid som dette, på hovudvegen mellom Bergen og Stavanger, får konsekvensar for trafikantane der og då. Men konsekvensane kan bli endå større om vi ikkje gjer dette arbeidet, avsluttar Hauge.

For å få oversikt over vegarbeid og andre hendingar på vegen, oppmodar Statens vegvesen som alltid trafikantane til å sjekke 175.no før dei skal ut og køyra.

Desse ville ha jobben

Desse leverte tilbod på oppdraget (prisane er utan moms):

Tilbydar Tilbodssum ekskl. mva.
Mesta AS 6 190 716
Veisikring AS frå Arendal 6 930 030
Vassbakk & Stol AS frå Karmøy 7 033 867
Landmark Maskin AS frå Bømlo 7 285 327
Stord Anlegg AS 7 459 853
K. Volden Transport AS frå Fitjar 9 436 249
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur