Statens vegvesen gjer mykje arbeid i E39 Lotetunnelen på kort tid. Foto: Vegbilder
Publisert: 13.11.2023 

Statens vegvesen stenger E39 Lotetunnelen kveld og natt

Statens vegvesen utfører på kort tid fleire arbeid for å gjera E39 Lotetunnelen endå tryggare.

– Statens vegvesen har forståing for at det kan vera krevjande med så mykje jobb på kort tid. Men ved å konsentrera arbeidsperioden, reduserer vi belastninga på trafikantane i staden for å ha stadig nye prosjekt over ein lengre periode,  seier kontrollingeniør Stig Arne Bugjerde i Statens vegvesen.

Og, legg han til:

– Sjølv om dette kan bli krevjande for trafikantane medan arbeida pågår, så er det viktig å understreka at vi gjer dette nettopp for dei, for at vegen skal vera trygg også i framtida.

Slik blir trafikken påverka

Dato Tidspunkt Konsekvens for trafikantane
Søndag 12. november 23.00-06.00 Styrt trafikkavvikling med ledebil
Måndag 13. november 21.00-06.00 Styrt trafikkavvikling med ledebil
Tysdag 14. november 21.00-06.00 Styrt trafikkavvikling med ledebil
Onsdag 15. november 17.00-17.50 Styrt trafikkavvikling med ledebil. Siste kolonne frå Eid 17.50, med retur frå Lote 17.55
Onsdag 15. november 17.50-18.50 Stengd tunnel
Onsdag 15. november 18.50-18.55 Styrt trafikkavvikling med ledebil. Kolonne frå Eid 18.50, med retur frå Lote 18.55
Onsdag 15. november 18.55-19.50 Stengd tunnel. Utrykkingskjøretøy kan passera på kort varsel
Onsdag 15. november 19.50-00.15 Styrt trafikkavvikling med ledebil. Kolonne starter frå Eid 19.50. Siste kolonne frå Eid 24.00. Siste kolonne frå Lote 00.15
Torsdag 16. november 00.15-05.15 Stengd veg. Stengt på strekninga Nordfjordeid-Lote. Utrykkingskjøretøy kan passera på kort varsel
Torsdag 16. november 05.15-18.00 Styrt trafikkavvikling Årskog-Lote

Dette er arbeida

Alt arbeid Statens vegvesen gjer på sine 10 600 km riks- og europaveg, skal gi betre trafikktryggleik i tråd med nullvisjonen. Vi skal ta vare på og utvikla vegane slik at dei kan møta framtidas utfordringar, understrekar Bugjerde.

Det er som ein del av dette samfunnsoppdraget Vegvesenet no gjer forskjellig inspeksjons- og vedlikehaldsarbeid i Lotetunnelen.

15. november på kvelden har Statens vegvesen brannøving saman med naudetatar, slik at alle rutinar er drilla og beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa.

– Siste natta skiftar vi også stikkrenne ved E39 Lote. Stikkrenne er ein undergang som leiar vatnet vekk frå vegen. Gode stikkrenner er sentralt i Statens vegvesen sitt arbeid med å ta vare på vegane vi har, avsluttar Stig Arne Bugjerde.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur