Kraftverksoperatør Dag Flølo (til høyre) viser statsminister Jonas Gahr Støre rundt i kraftverket som kan forsyne 30.000 innbyggere med strøm. Foto: Eviny
Publisert: 23.11.2022 

Statsministeren opna kraftverk i Jølster

Statsminister Jonas Gahr Støre stod for den offisielle opninga av Jølstra kraftverk i Sunnfjord kommune på tysdag. Vasskraftverket er eit av dei største som er bygd i Noreg dei seinare åra.

Kraftverket er eigd av SFE og Eviny med 50 prosent kvar, og forsyner nær 13 000 husstandar med straum. Med sine 252 GWh er Jølstra Kraftverk eit av dei største kraftverka som er bygd i Noreg dei seinaste åra. I juni stod SFE og Eviny for opninga av eit anna stort kraftverk i regionen, Østerbø kraftverk, på sørsida av Sognefjorden.

– Vi er stolte på vegne av SFE og Eviny. Fordi vi får til dette i lag. Og er det noko vi verkeleg treng i møte med klimautfordringane vi står overfor, så er det samarbeid. Vi må løfte i flokk, og vi treng alle gode krefter med på laget, seier Kristin Aadland, konstituert konsernsjef i Eviny.

Jølstra Kraftverk fekk konsesjon i 2018, og etter ein byggeperiode på i underkant av to år kom kraftverket i prøvedrift allereie hausten 2021.

Skånsam utbygging

Jølstra er ei populær fiskeelv, og fleire peika under opninga på den skånsame måten kraftverket er bygd på. Kraftverket nyttar eit fall på 131 meter, der vatnet blir ført gjennom totalt sju kilometer med tunnellar i fjellet. Her er det gjort store tiltak mellom anna med ein avansert «buypass-installasjon», som gjer at påvirkninga på vasstanden i elva er minimal, sjølv om ein skulle få ein brå stopp i produksjonsanlegget.

– Vi er stolte over våre dyktige organisasjonar som har klart å utvikle eit såpass stort kraftverk på ein skånsam måte. Verda treng meir fornybar energi, og når vi nyttar naturen til kraftproduksjon er vi opptekne av å gjere det på ein berekraftig måte, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi.

Også Jonas Gahr Støre lot seg imponere over utbygginga.

– Eg vil hylle det de gjer for å ivareta naturen med dette anlegget, uttalte statsministeren i si tale på opninga.

– Dersom ikkje Vestlandet lukkast, så lukkast ikkje Noreg. Og mykje av dette handlar om fornybar energi, heldt han fram.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur