E39 Anda ferjekai. Foto: Vegbilder
Publisert: 23.10.2023 

Stenger ferjesambandet Anda–Lote natt til 25. oktober

Statens vegvesen nattestenger ferjesambandet Anda 24.–25.oktober.

– Årsaka er at vi reparerer heisetårn på E39 Anda ferjekai, sier byggeleiar Asbjørn Røneid i Statens vegvesen.

Jobben skjer frå 24. oktober klokka 19.40 til 25. oktober klokka 06.00. Ferjesambandet Anda – Lote blir stengt i denne perioden.

Slik blir ruteendringane

Siste avgang frå begge sider blir klokka 19.40 tysdag.

Ferjeruta startar å gå igjen onsdag morgon, 06.00 frå Lote og 06.15 frå Anda.

– Statens vegvesen har forståing for at arbeid som medfører at vi må stengja våre ferjekaiar kan gje  lemper for trafikantane. Då er det viktig å minna om vi gjer dette arbeidet nettopp for dei, for at dei skal kunna ferdast trygt til ei kvar tid. I god dialog med entreprenør har vi valt å leggja arbeidet til den tida på døgnet då det er minst trafikk, seier byggeleiar Asbjørn Røneid i Statens vegvesen.

– Stenging av veg, og som her sjøveg, har konsekvens. Det kjem vi ikkje utanom. Men
konsekvensane for trafikantane kan verta endå større om vi ikkje gjer dette arbeidet, legg han til.

Slik held du deg orientert

Omkøyring vil bli skilta i god tid før begge ferjekaiane.

Statens vegvesen oppmodar elles trafikantar til å sjekka 175.no før ein skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på norske riks-, europa- og fylkesvegar.

Ein kan og nytta appen Vegvesen trafikk, som er oppdatert med same informasjon.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur