Lavik ferjekai. Foto: Kim Dagsland/Statens vegvesen
Publisert: 19.01.2024 

Stenger Lavik–Oppedal natt til onsdag

Statens vegvesen stenger natt til onsdag 24. januar Lavik ferjekai på grunn av nødvendig arbeid.

Sambandet blir stengd frå tysdag klokka 21.00 til onsdag klokka 06.00.

Siste ferje før stenginga blir frå Lavik klokka 20.50 og frå Oppedal klokka 20.40.

Første avgang etter stenginga vert frå Lavik klokka 06.30 og frå Oppedal klokka 06.00.

Her er noko av skadane på ferjelemmen etter at ei ferje hadde ein samanstøyt med kaien i november. Foto: Statens vegvesen

Kvifor må det stengast?

Det er ein skade på ferjelemmen etter at ei ferje hadde ein samanstøyt med kaien i november.

Skaden gjer at Statens vegvesen må byta på ferjelemmene, og det er derfor må sambandet stengast éi natt.

– Vi har forståing for at det kan opplevast krevjande for trafikantane når ferjesambandet blir stengd. Men for å minimera ulempene, har vi lagt arbeidet til den tida på døgnet då det er minst trafikk, seier byggeleiar Kim Dagsland i Statens vegvesen.

Vegvesenet tilrår langtransporten å ta lovpålagd døgnkvile i den tida sambandet er stengd.

Omkøyring

Dersom ein må ut og køyra medan ferjesambandet er stengd, tilrår Vegvesenet omkøyring via indre strok og kryssing av Sognefjorden på eit av dei to andre riksvegferjesambanda; Vangsnes-Hella eller Fodnes-Mannheller.

– Og som alltid: Sjekk vér- og føretilhøva før du skal ut og køyra. Bruk 175.no eller appen Vegvesen trafikk. Det har aldri vore fleire moglegheiter enn i dag til å halda seg orientert om trafikkbiletet, seier Dagsland.

Ferjene som går normalt under opp- og nedrigging

Førebuingane til arbeida på Lavik startar måndag føremiddag.

Nedrigginga finn stad onsdag og om naudsynt natt til torsdag.

Ferja vil gå som normalt i begge desse periodane.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur