Arbeidet gjer det nødvendig å stengje E16 i to periodar natt til tysdag og torsdag.
Vegen blir stengd mellom klokka 00.00 og 03.00 og mellom klokka 03.30 og 05.30. Trafikken blir sleppt gjennom mellom klokka 03.00 og 03.30 begge nettene.
– Jobben er ikkje mogleg å gjennomføra på ein sikker måte utan å stengja vegen, understrekar byggjeleiar Ivar Bergstrøm Lutro i Statens vegvesen.
Skal skifte ut massar og etablere ny stikkrenne
Arbeidet omfattar masseutskifting og etablering av ei ny stikkrenne som skal leie vatn under vegen.
Statens vegvesen legg arbeidet til nattestid, når trafikken er lågast, for å avgrense ulempene for trafikantane.
– Me har forståing for at det er krevjande for trafikantane, men hugs at me gjer dette for dei, for at vegen framleis skal vera trygg og trafikksikker. For Statens vegvesen vil tryggleiken alltid trumfa alt, også for dei som arbeider på vegen, til beste for trafikantane, legg han til.
SE BLADARKIV
