Vegdirektør Terje Moe Gustavsen er død

Publisert
04.May.2019

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen er død

Det seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at vegdirektør Terje Moe Gustavsen døde natt til laurdag. Han blei 64 år.

– Terje Moe Gustavsen sin innsats har vore imponerande, ikkje minst når det gjeld trafikktryggleik. Som samferdselsminister fremma han Nullvisjonen for Stortinget – ein visjon om ingen drepne og hardt skadde i trafikken. Nullvisjonen blei vedteken i 2001, og har hatt mykje å seie for at talet på drepne og hardt skadde har gått dramatisk ned og no er blant dei lågaste i verda.

Gustavsen har vore vegdirektør og leiar av Statens vegvesen sidan 12. november 2007. I perioden 2000-2001 var han samferdselsminister for Arbeiderpartiet.

Direktør Bjørne Grimsrud i Statens vegvesen fungerer som vegdirektør inn til vidare.

Leave a Comment